Viser 1 til 3 av 3 omtaler

Sansom sine skildringar av London og England på 1500-talet er levande skildra og etter det eg kan forstå; historisk korrekt. Både miljø, samfunnsforhold og historiske detaljar gir inntrykk av realisme og truverdigheit. Bygningar og gater, ver og klima, matvanar og klestil - alt dette gir lesaren ei slags historisk byvandring - og i tillegg får ein spennande, finurlege og gåtefulle kriminalhistoriar. Persongalleriet er rikt og mangfoldig og svært mange av personane er verkelege historiske personar. Mange av dei hendingane det vert fortalt om har også rot i det som verkeleg skjedde, men Sansom har gjerne ein eigen vri på kva og korleis. Alt vert fortalt gjennom augene til hovudpersonen - den melankolske og lojale Shardlake.

Dramatikken tek ingen ende i denne bokserien, men for kong Henrik VIII nærmar det seg slutten. Intrigane, maktkampen og motsetningane i hoffet og geheimerådet tilspissar seg. Ingen vil vera tapande part i det som foregår; straffa er hard og brutal for dei som går imot gjeldande styre og lov. Kjetterbåla er mange og torturistane har travle dagar. Ingen kan stola på nokon, heller ikkje kongen - og slett ikkje dronninga. Enkelte sentrale maktmenneske og aktørar har bokstaveleg talt mista hovudet medan andre er sleipe (og/eller lure) og snur kappa etter vinden.

Sansom gir oss levande skildringar frå både kongelege gemakkar, fangekjellaren i Tower, daglegliv i Londongatene, samt glimt frå boktrykkar- og andre handverkarverksemder. Samstundes får ein skarpe og interessante karakteristikkar av både historiske og fiktive personar. Noko som er spesielt fascinerande er innblikket ein får i korleis tudormenneska tenkte og oppførte seg. Det enorme klasseskiljet; dei øverste på samfunnsstigen sin groteske rikdom og dei lågaste som befinn seg i desperasjon, naud og armod. Kor vidtfemnande religionen var; å vera utan gudstru var nærast utenkeleg i dåtidas samfunn. Sakføraren Shardlake, som ser kor øydeleggjande striden mellom tradisjonell og reformistisk kristendom er, prøver alt han kan å halda seg nøytral og upartisk. Det vert naturleg nok vanskeleg for han.

Heilt til slutt i denne 700 siders mursteinen gjer forfattaren greie for historiske fakta og presenterer teoriar vedkommande dei mange dramatiske og turbulente hendingane som fann stad i England i 1546-47. Eg vil tru at det kjem fleire bøker i denne serien - avslutninga tyder på det - sidan Shardlake får ein ny spennande oppdragsgjevar.

Meir om denne fascinerande serien på bloggen min.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Må Sansom aldri slutte å skrive om Shardlake, en soleklar sekser!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Jeg er bare så glad i C.J.Sansoms bøker,og særlig dem som handler om Matthew Shardlake. Jeg har sansen for de historiske romanene og disse er av ypperste klasse.Som krim er det nok for mange ganske stillestående,men jeg ser ikke på disse bøkene som det. Men han beskriver 1500-hundre tallets London helt fantastisk, kan leve meg helt inn i den turbulente tiden med Henrik VIII som konge og religions-feidene med Paven.Den gamle og nye troen,for og imot og alt det bestialske det førte med seg.En sikker vinner og en sekser fra meg.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Sist sett

Kirsten LundJane Foss HaugenAstrid Terese Bjorland SkjeggerudRoger MartinsenLilleviAleksanderAnne Berit GrønbechHelge-Mikal HartvedtJørgen NMarit HåverstadPiippokattaAnniken LHanne Kvernmo RyeReidun SvensliGladleserBjørn SturødFarfalleVilde Gran JohansenMarianne_Tove Obrestad WøienElin FjellheimRune U. FurbergTralteToveHarald KJorund KorbiMartineDemeterIngunn SNorahOddvarGMarteKristine LouiseRufsetufsaAnette Christin MjøsFindusPrunellasiljehusmorBerit RAkima Montgomery