Viser 1 til 2 av 2 omtaler

Eg er ingen diktkjennar. Likevel set eg pris på å lese dikt og rim av og til, nokre gangar tykkjer eg det er moro å sjå korleis ein kan leike med ord, andre gangar kan det vere at diktet treff noko hjå meg. Spesielt godt likar eg det dersom det er ein viss flyt i diktet, anten ved rim og rytme, eller på annan måte.

For dei fleste av dikta i denne boka så sleit eg med å finne ein slik flyt. Rett nok var der i stor grad enderim i dikta, men eg fekk berre unntaksvis rytma til å stemme. Og sjølv om eg er veldig glad i kattar, var det også berre unntaksvis at katte-temaa i dikta gav gjenklang i meg. Men eg må få lov å framheve avslutningsdiktet i samlinga, det var ei perle!

Saabye Christensen har gjeve ut ein heil haug med diktsamlingar, dette er den einaste eg har lest så langt. Men han er nok mykje meir kjend som romanforfattar, og held eg dei av romanane hans eg har lest opp mot denne diktsamlinga så gjev det meining.

Illustrasjonane til Rune Johan Andersson løfta boka. Dei var stort sett sprelske, underfundige, og humoristiske, og understreka poenga i dikta.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Bokomtale i bloggen min:
http://avenannenverden.no/?p=4346

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Ann Christinmay britt FagertveitLene AndresenHarald KAnniken LTanteMamieDemeterEllen E. MartolReidun Anette AugustinIngunn SBjørg L.Bjørg  FrøysaaReidun SvensliRune U. FurbergIna Elisabeth Bøgh VigreDinaEster SmgeVannflaskeSynnøve H HoelRufsetufsaKristine87EvaThearitaolineCamillaKarin BergBeathe SolbergelmeVariosaMarianne  SkageConnieAxelinaPiippokattaKarina HillestadEmil ChristiansenGunillaHarald AndersenIngeborgGro