Hørte denne som lydbok. Tidvis ganske oppslukende og greit underholdende. Men den faller gjennom på en del punkter. Jeg liker at det er et langt tidsperspektiv, men det går for treigt og ingen av karakterene føles troverdig. Enten er de helt fantastiske og oppofrende mennesker (begrenset av systemer og konvensjoner for at ikke alt bare skal gå bra med én gang) med karikerte egenskaper på grensen til superkrefter, eller så er de Disney-skurker som plager og undertrykker andre bare fordi de er onde. Jeg lot meg underholde nok til å fullføre boken, men da jeg begynte på neste bok, og den gikk enda treigere og enda mindre troverdig, så ble jeg irritert over å ha brukt så mye tid på den første boken.
Nydelig fortalt, gleder meg til resten av bokserien.....
Endelig tok jeg fatt på Clifton-krøniken og jeg ble ikke skuffet. Lettlest og engasjerende, finurlig fortalt fra alle hovedpersonenes ståsted. Her er masse handling, gleder meg til neste bok!
Ikkje les baksideomtalen (vaskeseddelen) på denne boka! Som fleire gonger tidlegare, har eg oppdaga at også denne romanen har for mykje informasjon på baksida. Dette er eit fenomen som ikkje er sjeldan når det gjeld vaksen-romanar, men for romanar for barn og ungdom skjer det (heldigvis) nesten aldri.
Romanen, som er den første i ein serie på i alt sju bøker, startar i 1919. Det er Maisie Clifton som har ordet, og gjennom henne får vi forteljinga, eller rettare, hennar versjon av kva som hende då ho hadde eit ei-nattsforhold til ein annan mann bare to veker før ho skulle gifte seg. Dette er nemleg ein roman med mange stemmer. Ofte startar ein bolk med innleiing av ein person, der denne personen er eg-forteljar, før dei neste kapitla er vigde til ein forteljar som ser ting frå utsida. Dette gjev spenning og framdrift, og dei korte kapitla gjer også at ein kjem raskt framover i romanen.
Harry Clifton får tidleg høyre at far hans døydde i krigen, og sjølv om han ganske tidleg forstår at det ikkje kan vere tilfelle, har han eit nært og godt forhold til mora, som strevar med å få pengane til å strekke til for dei to, og tek ikkje opp tvilen sin med henne.
Denne første romanen i serien har eit stort persongalleri, og går føre seg frå 1919 og fram til starten av andre verdskrigen, men det er ikkje vanskeleg å ha oversikt over personar og periode.
Denne romanen kan passe både for den historieinteresserte, den som liker krim, og også for den som liker store familieforteljingar. Ein svært god start som gjer at eg gler meg til framhaldet! (Bok sju kom nett på norsk, så om ein startar på serien no, må ein ikkje så lenge på resten.)
Og kvifor starta eg omtalen på det viset eg gjorde? Då eg var komen til side 350 (av 437) hadde framleis ikkje romanen fortalt meg det andre setning av baksideteksten hadde fortalt meg.
Visstnok første bok i det som skal bli fem bøker om Harry Clifton og hans klassereise. Historien starter i den byen Archer kjenner best av alle - Bristol. Jeg likte starten og gir meg snart i kast med nummer to.
Denne boken kjøpte jeg primært fordi jeg må bli bedre å lese engelsk pga jobben. Og han skriver bra denne Archer. Et blogginnlegg jeg skrev etter å ha lest den i mai 2013