Viser 1 til 2 av 2 omtaler

Tårer og trøyst

Eg såg fram til denne boka, og den skuffa ikkje – trass i at eg innimellom måtte ta nokre lengre pauser i lyttinga, ufrivillig. Historia handlar om ein dansk familie som er såkalla dysfunksjonell – ein familie som prøver å fungere på eit vis - på tross av....

Forteljaren er vesle Alan, 11 år gammal – og alt som skjer får vi fortalt gjennom han. Og det er litt av ei historie, trur eg kan kalle den både tragikomisk og truverdig.
Alan brukar å gå saman med faren i begravelsar, noko han likar ganske godt, sidan faren er ekspert i å få folk til å gråte. Det gir den noko nervesvake faren ein slags status, ei lita trøyst sidan den vesle butikken deira går dårleg. Av og til er det for få dødsfall, så Alan må lage ein plan..

Vi møter også mora som er ekspert i snu seg bort når noko vanskeleg skjer i familien, storesøster Sanne som ikkje er ekspert i noko, men som prøver å finne ein måte å takle dei ufrivillige overnattingane ho må ta på sofaen saman med faren, og storebroren Asger? som bur borte, men likevel er ei støtte for Alan.

Alan prøver å leve så normalt som mulig, men sidan kvardagen har litt for mange utfordringar for ein liten gut, søkjer han også støtte frå sterkare makter: På veggen hans heng skulpturar av skytsengelen Gabriel og Tarzan – og med dei to sammen har han tru på at det må gå bra!

Alan er eit klassisk døme på barnet som prøver å ta ansvar når han ser at familien ikkje fungerer, eller har det vanskeleg. Han finn sine eigne, svært originale utvegar til løysingar, han vil så gjerne hjelpe til når han ser at faren er nedfor og deprimert.

Erling Jepsen formidlar historia med innleving. Skildringa av personar og hendingar er varm og usentimental, ispedd ein god dose svart humor.
Opplesar Trond Brænne får godt fram essensen i boka!
Terningkast: 5

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Bokas jeg-person, 11 årige Allan, vokser opp i et indremisjonsmiljø på Søderjylland i Danmark på 60-tallet. Hans store helt er faren. Etter hvert går det opp for Allan at det eneste faren er virkelig god på, er å holde taler i begravelser. Han begynner derfor å planlegge andres død for å bringe faren frem i et bedre lys.

Allans far er stadig på randen til selvmord, og Allan ser det som sin livsoppgave å holde farens nerver i balanse. Alt er ikke som det skal i familiens hans, men Allan klamrer seg til normaliteten og forsvarer faren i ett og alt når familiens hemmeligheter truer med å komme opp til overflaten. Så lenge faren har det bra, har han, moren og søsteren det bra. At søsteren av og til må sove på sofaen med faren, mener Allan er i sin skjønneste orden "for etterpå blir jo far så glad". Bak Allans idyllisering av familien sin og spesielt faren, aner vi konturene av vold, misbruk og voksnes manipulering av barn. Moren snur seg bare en annen vei, og orker ikke å ta inn over seg det som skjer.

Denne boka tok fullstendig innersvingen på meg gjennom sin rørende og triste skildring av en dysfunksjonell familie sett gjennom en naiv og troskyldig 11 årings øyne. Når jeg i tillegg vet at boka nærmest er selvbiografisk, gjør den ekstra inntrykk. Trond Brænnes oppleserstemme var nydelig!

Godt sagt! (9) Varsle Svar

Sist sett

KristineJulie StensethAnniken RøilMargrethe  HaugenHilde H HelsethHarald KG LLaila StenbrendenMathildeSol SkipnesAkima MontgomeryVidar KruminsLilleviPiippokattaINA TORNESsveinBjørg L.AvaFrode Øglænd  MalminJoakimVibekeKirsten LundIreneleserTove Obrestad WøienBeathe SolbergWenche VargasAnne-Stine Ruud HusevågToveAnneWangFriskusenSigrid Blytt TøsdalStig TEvaNorahDolly DuckKarin  JensenKatrinGKjell F TislevollJan-Olav SelforsChristoffer