Viser 1 til 1 av 1 omtaler

The Elysian Prize for literature skal delast ut i England, og komiteen er i gang med forhandlingane. Ein avdanka politikar, ein tidlegare byråkrat i utanrikstenesta (no forfattar av spaningsbøker), ein akademikar, ein kritikar og ein skodespelar skal bli einige om kva som er årets beste bøker - og alle har sine preferansar og sine agendaer. I bakgrunnen finn me òg forfattarar av bøker som kom med på lang- og kortlista, forfattarar av bøker som var gløymte, utgjevarar, redaktørar og eit par familiemedlemmer. Det er ei mengd ulike karakterar i Lost for Words, til felles har dei at dei trur at livet kan endra seg med litteraturprisen - men stemmer no det?

Edward St Aubyn set i denne romanen, humoristisk og krast, fokus på det som går føre seg i kulissane i litteraturverda. Han spør om det eigentleg er noko vits med slike prisar, og peikar på alle dei bakanforliggande motiva forfattarar, forleggarar og komitemedlemmer har i samband med prisen. Det er òg karakterar i romanen som etterkvart stiller spørsmål ved heile konseptet, å premiera og rangera kunst.

Ein av karakterane, Jo Cross, baserer sine dommar på "relevanse". Og Edward St Aubyn si bok er absolutt relevant - i dag vert langlista til Man Booker Prize offentleggjort, ein pris som liknande Elysian er sponsa av eit kommersielt selskap, dekkar engelskspråkleg litteratur, og har upubliserte bøker på lista (dei må komma ut tidleg på hausten), og det er dermed mykje opp til dommarane å avgjera, utan at publikum nødvendigvis kjenner alle bøkene. Men me får håpa at det er litt mindre politikk og litt meir engasjement bak Man Booker Prize enn St Aubyn sin Elysian.

Edward St Aubyn (f. 1960) er frå Cornwall. Han vaks opp i England og Frankrike, og har dei siste åri endeleg gjort seg bemerka - òg i Noreg - med dei til dels sjølvbiografiske bøkene om Patrick Melrose. For den siste boki i den serien, Mother's Milk, kom han på kortlista til Booker, medan Lost for Words har gjeve han Wodehouse-prisen i 2014 - ikkje so reint lite ironisk. St Aubyn har blitt omtalt mykje på grunn av innhaldet i romanane, særleg Patrick Melrose-bøkene inneheld til dels sjokkerande og opprørande scener og særs få sympatiske karakterar (det gjeld forsåvidt for Lost for Words òg), men samstundes er skrivestilen hans prega av turr og syrleg humor, krasse personkarakteristikkar som går rett til kjerna på karakterane hans, og eit språk som er både oppfinnsamt og lettlese. Vel er ikkje romanane hans lange, men dei er òg lette å komma gjennom - og hakket vanskelegare å gløyma.

Omtalen vart fyrst publisert her.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Per Åge SerigstadSilje-Vera Wiik ValeCecilie69Amanda AKjersti SK. H.Heidi HoltanLailaBrit HonningsvågHarald AndersenRuneEvaBookiacLesevimsaLisbeth Kingsrud KvistenPirelliNorahPiippokattaTurid KjendlieIna Elisabeth Bøgh VigreMonika SvarstadAnneTorill RevheimIngunn SBeathe SolbergKirsten LundGrofornixHarald KAstrid Terese Bjorland SkjeggerudBenedikteSynnøve H HoelDemeterTor Arne DahlJulie StensethÅsmund ÅdnøyLinda NyrudTrude JensenTanteMamieDaffy Englund