Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Dette er bok ein av ørten i Virgin River-serien.

Kort oppsummert: Småbygd-drama, romantikk, kliss-kass, feel-good, lettlest,

Litt lengre:
Sjukepleierska Mel har sagt opp sin kaotiske jobb på sentralsjukehuset i storbyen for å ta det rolegare, for å få ein ny start, for å leve ein stad kor ingen kjenner til det som plagar ho. Ho har nemleg mista ektemannen sin og klarar ikkje kome seg vidare fordi alle kring ho veit om det som hendte, alle er så fulle av sympati og medkjensle; ho får dermed stadig påminning om det som har skjedd og kjenner seg fanga i rolla som "stakkars enke". Ho takkar dermed ja til ein eitårskontrakt som sjukepleier i den vesla bygda Virgin River. Men - trøbbelet for Mel viser seg alt før ho rekker å starte i jobben din. Biltrøbbel, bustad og arbeid som ikkje stemmer med dei ho blei lova ... ho er på nippen til å snu alt etter ein dag, men så skjer det noko som får henne til å bli eit par dagar. Og etter desse "par dagane" blir det vanskelegare og vanskelegare å venda nasa heim. Gradvis blir ho glad i den vesle bygda og menneska der. Og - gradvis kan ho også finne mot til å gå vidare og til å bearbeide sorgen. Vi følger hovudsakeleg Mel, men får også innblikk i liva til ein rekke andre karakterar.

Eg vil nok (unnskuld til dei tærne som føler seg tråkka på) kalle dette for ein slags "guilty pleasure" for min del - det er ikkje denne "typen" litteratur eg pleier lese. Men av ymse grunner har desse bøkene til Robyn Carr verkeleg falt i smak - akkurat no. Mykje fordi:
- Therese Plummer gjer ein heilt fenomenal jobb som forteller/opplesar av lydboka
- eg har lytta til ganske mange middelmålege psykologiske thrillarar som har skuffa noko heilt enormt
- eg har vore sjuk med bihulebetennelse og ikkje vore særleg skjerpa; å lytte til noko enkelt på tur o.l har dermed vore veildig godt selskap
- Eg trengte noko ENKELT for å kunne strikke samstundes som eg lytta - kompliserte plott, fleire tidslinjar, ørten trillionar karakterar osv er dermed ikkje ideelt.
- Ved sida av lydboka har eg lese meir komplekse og kompliserte bøker (Dickens, mellom anna) og ville dermed ha noko lett ved sida av (som for å nullstille intelligensen eg byggjer opp via klassikarne eg les... :-P ....!)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

somniferumTherese HolmEgil StangelandLars MæhlumHeidi HoltanKirsten LundLailaBerit B LieIngunn SReadninggirl30LilleviAnne LiseAndreas BokleserNorahStig TPrunellaMarkus IngebretsenRufsetufsaPiippokattaKarina HillestadSynnøve H HoelRoger MartinsenIrene KnudsenPer LundHarald AndersenAnne Helene MoeToveAnneWangCathrine PedersenMarenKikkan HaugenAnneIrenelesergretemorCarine OlsrødHarald KAnne Berit GrønbechBård StøreStian AxdalGunn Duaas