Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Forfattaren Tove Nilsen, fødd 1952 og oppvaksen på Bøler i Oslo, skriv om den 13 år gamle ungjenta Tove Nilsen, som bor på Bøler i Oslo og drøymer om å bli forfatter, og hendingar ho opplever sommaren 1964. Sjølv om bok-Tove er eit år eldre enn forfattar-Tove, må det vere lov å anta at forteljinga er, om ikkje sjølvbiografisk, så i det minste inspirert av opplevingar i forfattaren sin eigen oppvekst.

Vel, ein kan aldri vite. Bok-Tove har nemlig særs livleg fantasi, og kjem opp med historier og forklaringar som er særs usannsynlege men likevel så utbroderte at omgjevnadane bit på, anten det gjeld forklaringar i heimen på kvifor ho ikkje kan vise fram karakterboka eller forklaringar på skulen om kvifor ho ikkje kan ha gymnastikk. Dersom forfattar-Tove har like livlig fantasi kan det nok hende at alt i boka er oppdikta.

Bok-Tove er også særs glad i bøker og les mykje russisk litteratur, ho grunnar mykje på ting og fraser ho har lest i bøker og assosierer dette livlig med ting som hender i kvardagen. Dette gir opphav til mange svært underhaldande passasjar i boka. Den finaste skildringa i boka er nok likevel av det gryande forholdet til Goggen, den rampete naboguten med valdeleg far, og som viser teikn på å bli ein kandidat til ungdomsanstalt, men som finn fram til det beste i seg sjølv medan han er saman med Tove.

Eg spekulerte på når eg kjøpte boka frå kassert-kassa til det lokale biblioteket om dette var ei bok mest beregna på ungdom. Etter å ha lest den kan eg trygt anbefale den også til vaksne lesarar. Eller kanskje særskilt til vaksne lesarar. Spesielt dei som hugsar at dei har vært unge. Og skulle nokon som er rundt 60 år i dag hugse at dei var unge på 1960-talet har dei ekstra god grunn til å plukke opp denne boka.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Sist sett

LilleviJakob SæthreHilde H HelsethRoger MartinsenAnniken RøilFrode TangenAQuariusNikkaG LTralteElisabeth SveePiippokattaKirsten LundTanteMamieAvaLailaTone HmarithcSynnøve H HoelIreneleserChristofferReidun SvensliAud Merete RambølHelge-Mikal HartvedtAlice NordliVioleta JakobsenRune U. FurbergTorKristine LouiseKarin  JensenKatrinGBjørg L.Dolly DuckBenedikteAstrid Terese Bjorland SkjeggerudTom-Erik FallaAnneWangSverreAnniken BjørnesTove