Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Eg ville så fryktelig gjerne like denne boka kjempegodt. Dessverre var eg litt for ung til å få med meg Dickie Dick Dickens på radioteateret då denne var på det mest populære, men har høyrt gjetord om kor stor begeistring serien vakte rundt om i landet. Derfor var det med stor entusiasme eg tok fatt på denne i påska.

For den som ikkje kjenner til det; Dickie Dick Dickens er ein parodi på gangsterhistorier, der forfattarane ved å smørje ekstra tjukt på raljerer over klisjear og stereotyper i sjangeren. Boka tek føre seg historia om korleis Dickie Dick Dickens tek steget frå å vere ein anonym lommetjuv til å vere ein dominerande kriminell i Chicago under forbodstida på 1920-talet. Dickens kjempar mot både ordensmakta og rivaliserende gjengar, og greier på finurleg vis å sno seg ut av dei mest utrulege situasjonar. Eg vil tru kapitla i boka heng nokonlunde saman med episodene i den første sesongen av høyrespelet.

Men det er noko som er feil. Anten er det at historia høver betre som høyrespel enn som bok, eller så har humoren gått ut på dato (eller kanskje er det denne lesaren som har gått ut på dato). Eg greier rett og slett ikkje å la meg begeistre meir enn måteleg over Dickens sine krumspring, eller over forfattarane sine anstrengelsar for å setje opp morosame situasjonar. Det vittigaste i boka tykte eg nesten var forordet med kjeldehenvisningar, samt ein del underfundige fotnotar undervegs.

For min del låg dermed den største verdien i å ha lest boka i å få innblikk i eit historisk populærkultur-fenomen. Og det er i og for seg meir enn god nok grunn til å lese den.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Sist sett

Kirsten LundDemeterReidun Anette AugustinVibekeHarald KVannflaskeConnieBjørg  FrøysaaStig TAmanda AChristin SillibakkenCecilieLinda NyrudAgnete M. HafskjoldIngeborg GBenedikteAnniken RøilAstrid Terese Bjorland SkjeggerudAnne-Stine Ruud HusevågEgil StangelandLailaMads Leonard HolvikPiippokattaBjørg RistvedtSynnøve H HoelAneSiw ThorbjørnsenHeidi Nicoline ErtnæsHildaJulie StensethTor Arne DahlPer Åge SerigstadGrete AastorpBente NogvaLisbeth Marie UvaagTone HTurid KjendlieLeseberta_23Stine AskeMaiken