Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Dersom nokon ynskjer å lese ei brennaktuell sakprosa-bok om Brasil i år, så er dette boka. Rett nok handlar boka om fotball, men det er ikkje naudsynt å vere fotballinteressert for å få utbytte av å lese den. Det er nemlig like mykje ei bok om brasiliansk samfunnsliv dei siste 100 åra, og om aktuelle strøymingar i dagens samfunn. Men klart, for den som korkje har interesse for fotball eller for Brasil er nok utbyttet av boka noko avgrensa.

Lien har levert eit imponerande stykke journalistisk arbeid med denne boka. Han har gått grundig til verks med kjeldemateriale frå aviser og andre trykte og elektroniske medier, han har intervjua eit stort utval av menneske; fotballspelarar, samfunnsvitarar, politikarar, fotballfans og «mannen i gata», han har sett eit utal av fotballkampar, både store prestisjeoppgjer, kampar mellom småklubbar, og løkkefotball, og knyter desse opplysningane og inntrykka saman til ei heilheitleg historie.

Dei fleste har vel fått med seg at det skal arrangerast fotball-VM i Brasil om nokre dagar, og for mange framstend det som uforståeleg at store delar av den ellers fotballgalne befolkninga i Brasil protesterer mot gjennomføringa av arrangementet. Forfattaren teiknar eit overtydande bilete av korleis korrupsjon og maktmisbruk gjennomsyrer det nasjonale fotballforbundet, og korleis arrangementet har blitt eit verkty for å styre offentlege midlar over i lommene til makteliten. Ein kan t.d. ikkje anna enn finne det motbydeleg at leiaren for forbundet har bakgrunn frå militærdiktaturet på 70-talet, og held fram med å styre forbundet etter dei same prinsippa.

Ja, eg skal til Brasil i sommar. Ja, eg skal sjå fotballkampar, i det minste på TV. Men etter å ha lest denne boka må eg innrømme at det blir med ein sterk bismak.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Sist sett

RandiASissel ElisabethCaroline Ekornes JohannessenDemeterRonnyInger-LiseFrode TangenAnneWangHeidi LTone Maria JonassensvarteperAnneLars MæhlumHilde H HelsethGrete AmundsenHarald AndersenEllen E. MartolPiippokattaHanne MidtsundAnne-Stine Ruud HusevågTonesen81Kirsten LundHeidi HoltanAnn ChristinTralteBjørn SturødReadninggirl30Anniken RøilbeaverkriekVannflaskeNeraPer Åge SerigstadLinnIngeborg GKjerstiKjersti SIngvild SKarin BergLisbeth Marie UvaagKaramasov11