Historien strekker seg fra Narvik i nord til Spania i sør. De sentrale årene er 1939-1942. Vi blir kjent med en rekke originale personligheter, som Franklin Tverrli. Etter å ha jobbet i byssa på båt, har han blitt en kjempe. Han kan løfte biler, og knekke kniver med tennene.
Conrad Tandem, rederiarving, drar på forretningsreise gjennom Europa på tross av krigen som raser.
Tre sterke kvinner er også innblandet, noen er oppdiktede, andre historiske. Felles for dem er at i deres kjølvannet ligger svik, død og fordervelse.
Det er mye humor og spenning i boka, men utrolig mange navn og forholde seg til. Når de fleste av de involverte går under to eller flere navn, blir det til tider uoversiktlig.
Ble ikke helt klok på denne. Ble litt mye ullent for min del.
Fløgstad "is back on track", men boken når ikke opp til de aller beste av romanene hans.
Erfaringane mine hittil er at det alltid er ein del å undre seg over i bøkene til Kjartan Fløgstad. Slik er det også med denne boka. Forteljinga gir seg i form ut for å vere ei dokumentarisk framstilling av historiske hendingar, men dette er fiksjon og fakta i vilter samrøre, og med spark både til høgre og venstre. Vel, egentlig berre til høgre.
Det er den nære fortida vår, om lag dei siste 100 åra, som det blir røska opp i i denne boka. Geografisk langs aksen frå Spania via Tyskland til Norge og Narvik, og politisk og kulturelt i spennet mellom mellom fascisme, borgarstand og kulturelite. Conrad I. Tandem er ein av figurane som bitt historia saman; skipsreiar, levemann, opportunist, og med sviktande moralsk gangsyn i tida før, under og etter andre verdskrigen. Namnet er så vidt eg kan forstå oppdikta, men det er uklart korvidt romanfiguren er tufta på ein verkeleg reiar, eller om han er meint å representere forfattaren sitt syn på skipsreiarar generelt.
To figurar som er reelle nok er Marina Noreg og Adi Enberg, to damer med tilknytning til Norge, og som spionerer henholdsvis for tyskarane under krigen og for Franco i Spania. Fløgstad malar ut korleis desse er del av ein større kulturelite som støttar fascismen og nazismen, og det er etter kvart mange som får passet sitt påskrive av Fløgstad, til dømes Gertrude Stein og Geirr Tveitt. Fløgstad held fram universitetet i den tyske byen Tübingen som ein klekkeanstalt for fleire av dei høgtståande nazistane som opptrer i historia. Det undrar meg at han ikkje også fall for freistinga til å trekke inn Joseph Ratzinger, bedre kjend som pave Benedict XVI, kritisert for å ha vært med i Hitlerjugend, og som var professor ved det same universitetet på 60-talet, inn i historia.
Så har vi forfattaren sjølv som i form av romanfiguren Franklin Tverrli røskar opp i historia. Franklin, med solid arbeidarklassebakgrunn frå Sauda, orsak, Lovra, dukkar opp ymse stadar undervegs i forteljinga og nyttar kjempekreftene sine til å snu opp ned på ting, helst bilar, og gjerne bilane til moralsk skrøpelege personar. Eller som Fløgstad sjølv skriv på side 239; «Han hadde ei eiga evne til å ta ting for seg, løfta dei, snu dei opp ned, eller berre setja dei ned på sin rette plass» Det er nettopp dette eg opplever at Fløgstad freistar å gjere i denne boka.
Avslutningsvis vil eg slutte meg til anmeldaren Ingunn Økland sine ord frå omtalen hennar i Aftenposten:
«Det siste man bør ønske seg fra Fløgstad, er balanserte og veltempererte romaner. Lesere som føler seg manipulert, får prøve å tenke bedre selv.»