Eg plasserte fyrst Hulda Garborg. Forfattaren og feministen i samlinga “Biografiar og memoarar”, men oppdaga fort at den måtte over i “Om litteratur”-kategorien. Sigrid Bø Grønstøl, forskar og forfattar, har ikkje skrive noko historie om Hulda Garborg sitt liv. Derimot har ho lese, og lese nøye, dei vel 40 bøkene Garborg ga ut, i tillegg til grunnlagsmateriale og idear i tida – Garborg si, og Grønstøl si.
Min måte å respektera og beundra Hulda Garborg har vore å lesa bøkene
hennar nøye, ta ideologien på alvor, prøva å forstå henne ut frå
hennar eiga tid og analysera og kommentera dette ut frå
hundreårsdistansen oss imellom.
Grønstøl har lese ideologien til Garborg ut frå bøkene hennar, og sjølv om det òg kan vera på kanten reint forskingsmessig (alt kan vera på kanten når det gjeld litteraturforsking), gir det eit interessant innblikk i og ei idehistorisk plassering av ein forfattarskap som var overveldande og svært populær for 100 år sidan, men knapt lesen no. Hulda og Arne Garborg var eit mektig par, og Hulda ikkje den stillaste av dei, sjølv om det er Arne me les om i litteraturhistorien.
Garborg (Hulda) sto for eit kvinnesyn og kjempa ein kvinnekamp som braut med mange av dei rådande i tida, og Grønstøl plasserer dette synet både i Garborg si samtid og i kvinnekampens strategi. Forskjellsfeminismen Garborg sto for var basert i Rosseau si forståing av naturen, i det gamle bondesamfunnet og i ein tanke om at kvinna har ein eigenverdi vel så viktig som mannen – kvinna kan veksa gjennom kjærleiksforhold og morsforhold. Men Garborg talte ikkje for ei lausriving frå kjønnsroller og å vera lik mannen, det går gale med dei av Garborg sine kvinner som vel vekk barnet sitt, og det er få til ingen av Garborg sine kvinner som både lever i kjærleiksforhold og lever ut kunstnarlivet. Garborg talte for likestilling med mannen, ikkje likskap med han.
Med dette standpunktet, romantisk kjærleik med kvinnevri, argumenterte
Hulda Garborg mot tidas splitta kvinnebilde og for “den store Eros” i
samtidas debattfrontar: mot undertrykking av erotikken gjennom askese
og “hanskemoral” i sedskapsdebatten, mot overidealisert askese og
overseksualisert prostitusjon, mot lettsindig flørting med
seksualiteten i bohemavantgarden og mot hore/madonna-tematikken i
kjønnsideologien.
.
Grønstøl er forsiktig med å trekka linjer mellom Garborg sitt liv og hennar virke -
Å lesa skjønnlitteratur som biografi er å bryta den innebygde
sjangerkontrakten mellom forfattar og lesar.
men ho gjer det likevel. Ho samanstiller i eit kort kapittel trekk ved kvinnekarakterane til Garborg og Garborg sitt eige liv og hennar erfaringar. I nokre av heltane er det spor av Arne, i nokre av kvinnene erfaringar Garborg gjorde seg i eit opplevelsesrikt liv. Men som nemnt er ikkje dette nokon biografi, og for å vera heilt ærleg er det kanskje nettopp denne biografiske delen som er den svakaste delen av Grønstøl si bok. Eg er heller ikkje heilt overtydd om at siste kapittel, der Garborg sin feminisme vert sett som ein del av kvinnekampshistoria, er naudsynt – men for meg som kan lite om feminisme er det ei god oppsummering og oppklåring av det som måtte ha vore uklårt før.
So, kor plasserer ein eigentleg Grønstøl si Garborg-bok? Den ligg midt mellom for dei som er interesserte i Garborg-familien, i kvinnesakshistorie eller i litteratur ingen lenger les. Men ho er lettlest og interessant, og nerden i meg – som er interessert i iallefall Garborg og obskur litteratur – koste seg.
Fyrst publisert her
En bok Hulda Garborgs. Ingen biografi, men forfatteren tar utgangspunkt i hennes nokså ukjente forfatterskap til tross for 40 bøker. Lærerikt og en sterk kvinneskikkelse. Med en fattig oppvekst og bare noen års folkeskole ble hun forfatter, samfunnsdebattant og språkmektig. Boka tar oss med til 1900 tallets Norge, beskriver samfunnsutviklingen på den tiden og Huldas plass / rolle ved siden av sin mann Arne Garborg. Noe detaljer, men du verden så faglig grundig denne boken er.
"Mennesket er ikke skapt til å sammenkobles i en maurtue,
de er skapt til å spres over jorden og dyrke den"
Hulda inspirert av filosofen Rousseau...