Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Er Skogheim ein undervurdert forfattar? Sjølv synest eg boka om Skogheims tid som ung tuberkulosepasient på 1940- og 1950-talet verkar båe rørande og opplysande, og ikkje minst velskreven. For nordmenn flest er dette alt fjern fortid, men Skogheim minner oss om kor mange som vart ramma av sjukdomen. Han fekk alvorlege konsekvensar for den einskilde, sjølv om mange pasientar etter ei tid vart friskmelde. Livet til Skogheim blei sterkt prega av sjukdomen i elleve år. Han fekk ikkje fullført vanleg skulegang, men vart likevel ein allsidig skribent.

Etter nyleg å ha lese Thomas Mann Trolldomsfjellet, fann eg det sers lønande å lese Blod på hvit rose. Dei medisinske tiltaka mot TB i Noreg fulgte fullt ut dei metodane som vart utvikla i Tyskland på 1890-talet og nytta her til langt ut på 1950-talet. Medan dei velståande pasientane i Davos budde på noko som likna luksushotell, var dei norske folkesanatoria sers enkelt utstyrt, men det strenge kurregimet var i praksis det same båe stader.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Sist sett

Daffy EnglundlittymseGro-Anita RoenIngvild STine SundalAlex NietoMalinn HjortlandAnne-Stine Ruud HusevågAkima MontgomeryBjørg  FrøysaaHeidi HoltanBente L.Ellen E. MartolKrishHanneTine VictoriaKine Selbekk OttersenPiippokattaHeidiLinda NyrudTheaTone SundlandStine SevilhaugMonaBLVariosaHarald KTorFlettietteMonica CarlsenHilde Merete GjessingReadninggirl30DemeterPacosiljehusmorgretemorBjørg RistvedtHilde H HelsethStig TJarleLeseberta_23