Viser 1 til 3 av 3 omtaler

Boken er til tider svært morsom, men jeg opplevde den etterhvert som masete og mistet interessen etter 150 sider.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Dette er definitivt den beste boka jeg har lest på mange år.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Oscar Wao, ein søt, men katastrofalt overvektig gettonerd (sitat)- som har problem med å finne venner, som slit med forbanninga, fukú, som ligg over heile slekta hans, som prøver å finne kjærleiken...Det er han som får hovudfokus i boka, men også mykje meir.

Oscar har tilknyting både til New Yersey, der han lever saman med mora og si kjære søster Lola, og til Santo Domingo der familien har røtene sine. Oscar vil bli forfattar, han skriv mykje i si einsemd. Han lengtar etter å finne ei kvinne som likar han... Også andre personar i Oscar si nære familie spelar ei store rolle i boka, + den samtidige situasjonen i Den Dominikanske republikken under Trujillo. Og det er heftige saker.

Ein ting er heilt sikkert; Dette er ingen "dameroman"! Enkelte scener er så valdelege i all si grusomheit at eg hadde problem med å lese. Og mykje av det vert forklart med "fukú"- ein uunngåelig forbannelse.

Historia om Oscar, familien og ikkje minst samfunnet i Santo Domingo var interessant, rå og brutal! Dei mange fotnotane forklarte litt meir av kulturelle og politiske fenomen (sjølv om eg tilstår at eg hoppa over nokre). Likte spesielt språket,setningar og bildebruk, som var litt annleis enn det eg les til vanleg. Ein del spanske ord og uttrykk krydra det heile . Endåtil grov, seksuell sjargong kunne eg tolerere - pga miljøet det vart presentert i.

Det mest negative - for meg - var at eg spesielt i starten hadde problem med å få med meg kven som fortalte, kven var "jeg".Synsvinkelen skifta litt for ofte...

Historia om Oscar er absolutt verdt å få med seg, og iallfall hos meg har den vekt ei interesse for å lære meir om Den Dominikanske republikk.

Mitt terningkast: fem minus.. (boka er prisbelønt..)

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

NorahTove Obrestad WøienKirsten Lundingar hEivind  VaksvikReadninggirl30Jørgen NBokToreTor-Arne JensenPirelliLise MuntheMarenLeseaaseTheaRavnG LMarit HåverstadKjell F TislevollIngeborgMorten BolstadChristinaGrete AastorpThomas KihlmanAliceInsaneVibekemgeBerit RTom-Erik FallaHilde VrangsagenTine SundalBritt ElinVidar RingstrømAlice NordliElisabeth SveeMads Leonard HolvikGro Anita MyrvangSynnøve H HoelMarteAud- HelenAstrid Terese Bjorland Skjeggerud