Viser 1 til 5 av 5 omtaler

LYDBOK: En avtale med livet”, Cecila Ahern(lesen av Siv Charlotte Klynderud)

A. Kvifor eg valte denne?
– lysten på noko lett, feel-good, chicklit-isj
– Har lese ein del andre bøker av Ahern, og likt dei godt. Perfekt ”guilty pleasure” – den type bok eg likar å lese ein gong i blant, men ikkje ofte.
– har lytta til fleire lydbøker lesen av XX og likar måten ho leser på
– Konseptet om Livet som ei menneske verka absurd nok til å vere morosamt

B. Kort om handlinga
– Lucy Silchester har det ikkje så bra; det er slut med kjærasten, ho trivst ikkje på jobb, bilen streiker, utgiftene ballar på seg, ho har eit noko anstrengt forhold til foreldra – særleg mora si og opplever at ho aldri er god nok, og i tillegg bur ho i ei lita leilegheit ho ikkje heilt føler seg heime og vel i. Ho sliter med å innsjå og innrømme at ting ikkje er så bra –både overfor seg sjølv og for andre. Ho gøymer seg bak ei smilande, spydig og vittig fasade, og ho lyger om det aller meste til dei aller fleste. Men så ein dag… ein dag blir ho innkalla til eit møte med Livet; ein mann som ser ut til å vere omtrent i same tilstand som livet hennar – sliten, magert, grått, tynnslitt … Livet og Lucy må omgås, og saman arbeider dei for å stable både livet og Livet på beina at.

C. Stemme/lyd
Første gong eg høyrte Siv Charlotte Klynderud lese var då eg lytta til ”En dag i juni” ) – og eg elska den boka, og også lesestilen til Klynderud. Så Så kombinasjonen av Ahern og Klynderud tenkte eg at var bankers.

D. Plussar or minusar
+ Originalt plott – det lova jo godt, utgangspunktet og idéen vekka interessa, men resultatet…:
– Det blei for fjollete, dette
– lite truverdig
– for ”grunne” karakterar
– tvungen og tidvis unaturleg humor; som om forfattaren prøvar litt for hardt
– for overflatiske og grunne karakterar

E. Terningkast/dom
terningkast2Har i grunn ikkje så mykje positivt å seie … Hadde det ikkje vore for den flinke opplesaren, ville eg ikkje ha fullført denne lydboka.

Det er såpass sjeldan at eg leser ”chick-lit”, så når eg først skal gjere det vil eg verkeleg at boka skal levere; at ho skal gje meg noko; kjensler, nostalgi, ei tåre, eit smil…noko klissete. Denne blei eg i grunn berre irritert over.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

En koselig og tankevekkende historie, lese hele omtalen min her

Godt sagt! (0) Varsle Svar

En koselig og tankevekkende historie, les hele omtalen min her

Godt sagt! (0) Varsle Svar
Godt sagt! (0) Varsle Svar

Søt, men litt enkel. Fin avkobling og en trenger noe lett og morsomt.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Kirsten LundEvaBeathe SolbergTine SundalBård StøreHanneStig TVannflaskeVibekeGodemineGro-Anita RoenBjørg L.Jane Foss HaugenAnne Berit GrønbechMartinNorahAstrid Terese Bjorland SkjeggerudPiippokattaRuneGro Anita MyrvangHilde H HelsethEllen E. MartolRoger MartinsengretemorAnniken RøilAnne-Stine Ruud HusevågHeddaMSt. YngheadMorten MüllerVidar KruminsToveRisRosOgKlagingAnn-ElinMorten BolstadEivind  VaksvikHilde Merete GjessingSynnøve H HoelJohn LarsenTove Obrestad WøienReidun Svensli