Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Ei samling underfundige og sjarmerende snuttar om hendingar forfattaren opplever saman med Solan Gundersen. Det er uklart kva slags fugl Solan eigentleg er, eller korleis han har funne vegen til Aukrust sitt univers, men det virkar som om forfattaren sin familie og øvrige omgangskrets ikkje er merksame på Gundersen. Heilt usynleg for omverda er han likevel ikkje, han har hatt lønsforhandlingar med ex-arbeidsgivaren på Rustadsaga, og under turnéen med onemann-sjåv’et sitt blei han tilsnakka av ei dame. Derfor må ein anta at Solan, i det minste i boka, ikkje berre er eit produkt av forfattaren sin fantasi, men ein høgst levande og verkeleg skapning.

Ein god del av historiene handlar om bilar eller bilkøyring, og mange av forteljingane er krydra med kvasi-teknisk sjargong. Ein finn også att detaljar som seinare dukka opp i filmen Flåklypa Grand Prix. Boka er rikt illustrert med forfattaren sine eigne teikningar, eller kanskje skulle ein seie at boka er rikt utstyrt med teiknaren sine eigne tekster, for Aukrust var utdanna ved kunst- og handtverksakademiet og var egentlig teiknar og illustratør av yrke. Og teikningane i boka er strålande humoristiske.

Når terningen stoppar på 4, er det først og fremst fordi det er litt vanskeleg å få tak på mange av historiene. Kanskje er enkelte av dei kommentarar til aktuelle nyhende på midten av 60-talet? Uansett, det vart litt for mange enkeltståande hendingar og observasjonar som eg ikkje fullt ut forstod. Men triveleg lesing var det like fullt.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Mads Leonard HolvikAneSiw ThorbjørnsenIngeborg GKirsten LundHeidi Nicoline ErtnæsHildaJulie StensethTor Arne DahlPer Åge SerigstadPiippokattaAmanda AGrete AastorpBente NogvaBenedikteLisbeth Marie UvaagTone HTurid KjendlieLeseberta_23DemeterStine AskeMaikenHilde VrangsagenHarald KHege H.Christoffer SmedaasHanne Kvernmo RyeJarmo LarsenLinda RastennefertitiEllen E. MartolRoger MartinsenTor-Arne JensenMargrethe  HaugenTove AlmaMcHempettStian AxdalEgil StangelandVivian M.Prunella