Viser 1 til 1 av 1 omtaler

I denne romanen finst det to eg-personar. Det er litt forvirrande i starten, men ein kjem raskt inn i det. Alice, den yngste av tre unge søstre, reiser heim til London frå eit langt opphald i Mongolia fordi faren ligg på dødsleiet. Ho kjem heim i tide, men ikkje mange dagar etter at ho kjem heim, døyr faren. Gjennom romanen får vi innblikk i hennar forhold til faren, søstrene og ekskjærasten.

Den andre eg-personen er ein eldre mann. Han er uteliggjar og går rundt i London og leitar etter ei kvinne. Kva dei to har med kvarandre å gjere, kjem fram etterkvart. Kvart kapittel vert innleia av ei liste med punkt frå ein til ti, som handlar litt om same emne som det komande kapittelet handlar om.

Dette er ei vakker kjærleiksforteljing av ein roman som kan anbefalast!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Hilde Merete GjessingBerit RRufsetufsaKirsten LundAnette STurid KjendlieJulie StensethÅsmund ÅdnøyVanja SolemdalAvaAgathe MolvikDagfinn JakobsenEmil ChristiansenStig TAkima MontgomeryMads Leonard HolvikAstrid Terese Bjorland SkjeggerudElisabeth SveeDemeterTerje MathisenFindussiljehusmorNorahEileen BørresenTanteMamieTine SundalJan-Olav Selforsmay britt FagertveitAlexandra Maria Gressum-KemppiRuneLisbeth Marie UvaagBjørg L.Kristin_Jane Foss HaugenKarin BergMorten MüllerPiippokattaLene AndresenElinBeTove Obrestad Wøien