Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Dette er ei forteljing om ein ung og fattig fiskar i California-bukta som finn ei kjempestor perle. Boka skildrar tilhøvet mellom dei fattige indianarane som fiskaren høyrer til, og «dei framande», byfolket av europeisk opphav. Fiskaren som finn perla drøymer om at den skal gi eit betre liv for familien sin, men det blir ikkje lett å omsetje perlefunnet til eit betre liv. Perleoppkjøparane i byen opererer som eit kartell, og fiskaren har ingen sjanse til å få ein rettvis pris for funnet sitt. I tillegg triggar perlefunnet dei verste sidene til innbyggarane i byen; misunnelse og grådigheit leier til en eskalerande spiral av vald og elende.

Den kanskje beste biten av boka er korleis Steinbeck avslører ved enkle, ja, nesten banale, eksempel, mekanismene som gjer at dei fattige er dømt til å bli fattige. I tillegg til skildringar av korleis menneska oppfører seg mot einannan, nyttar han også aktivt natruskildringar for å underbygge stemninga i dei aktuelle bolkane i boka. For eksempel, etter at fiskaren har funne perla og byfolket er i ferd med å rotte seg saman for å få fatt i rikdomen:

"Out in the estuary a tight-woven school of small fishes glittered and broke water to escape a school of great fishes that drove in to eat them"

Boka formidler eit pessimistisk syn på menneskenaturen, vi er onde og ute av stand til å glede oss over andre sin lukke. Til overmål er det rikdomen i seg sjølv som gjer oss onde, derfor er det best å ikkje streve etter rikdom. Uavhengig av om ein er samd eller usamd i moralen i boka så er forteljinga godt skrive. Eg vingla mellom terningkast 4 og 5 på denne, men enda på ein litt nølande 5’ar.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Heidi HoltanTurid KjendlieLena Risvik PaulsenMarit HåverstadBjørg  FrøysaaFrode Tangenmgeingar hCarine OlsrødGrete AastorpAnneOda Marie HIngvild RosslundHarald KRufsetufsaOdd HebækHilde Merete GjessingReidun SvensliDolly DuckTone SundlandPrunellaEllen E. MartolTheaKaramasov11Aud Merete RambølGroGodemineChristofer GabrielsenBente NogvaBeathe SolbergTor Arne DahlalpakkaJan-Olav SelforsJoannMorten JensenTor-Arne JensenIngvild SBjørg L.Barbro  KnudsenSynnøve H Hoel