Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Ei kort og lettlest bok med mange bilete og stort sett fakta-tekst av ulik karakter, og om dei tidlegare Sovjetrepublikkane med «stan» som ending; Kasakhstan, Kirgisistan, Tadsjikistan, Turkmenistan og Usbekistan. Forfattaren har reist ein del i desse landa sjølv, og har såleis god kjennskap til geografi, folk og kultur.

Når eg likevel endar opp med å vere litt skuffa over boka, er det fordi eg hadde venta at den i større grad skulle innehalde skildringar av forfattaren sine reiser i desse landa. Der er for så vidt enkelte slike skildringar, og desse er etter mitt syn dei mest interessante delane av boka. Men i det store og heile dominerast boka av faktaopplysningar som ein like godt kunne ha leita opp på wikipedia.

Boka er leseverdig, og for den som søker lettfatta leksikalske tekster om desse landa er den heilt ypperleg. Men for den som vil lese reiseskildringar trur eg det vil vere bryet verdt å sjå seg om etter ei anna bok.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

PiippokattaTine VictoriaAnne Berit GrønbechLinnAEEllen E. MartolKristin_Therese HolmAnne LønøyHilde H HelsethGodemineMarteSigrid NygaardKristine LouiseAlice NordliAnette Christin MjøsLailaCathrine PedersenKirsten LundDemeterGrete AastorpGeoffreyMarit AamdalCecilie69Vigdis VoldEli HagelundRandiALene AndresenSynnøve H HoelReadninggirl30Tor-Arne JensenSverreMarenJarmo LarsenRisRosOgKlagingRoger MartinsenBeathe SolbergTove Obrestad WøienalpakkaEmil ChristiansenNils Pharo