Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Det som i første rekke gjer denne reiseskildringa interessant, er at den blei nedteikna i 935. Adelsmannen Ki no Tsurayuki har vært guvernør i provinsen Tosa, og blir løyst av av ein ny guvernør slik at han kan reise attende til hovudstaden Kyoto saman med følget sitt. Reisa gjeng sjøvegen, men den maritime evna var ganske begrensa på denne tida, dei fleste av reisedagane var det landligge med sake og poesi medan dei venta på betre ver.

Poesi var høgt verdsatt, i alle fall av forfattaren og omgangskretsen hans, og det gav status å kunne lage gode tanka-vers. Mange slike vers er tatt med i reiseskildringa, og oversetjaren William N. Porter, som oversatte teksta til engelsk i 1912, har gjort ein framifå jobb med å få fram poenga i versa og samstundes halde på tanka-rytma. Oversetjaren har også lagt til mange fotnotar, der han gjer greie for språklege nyansar og i enkelte høve aspekt ved samfunnslivet i Japan i det 10. århundret.

Tsurayuki mista ei datter medan han var i Tosa, og mange av versa er om sorga og saknet etter dattera. Når ein les desse versa er det som om 1000 år i tid og eit hav av kulturforskjelar er viska bort, versa set ord på så universelle kjensler at dei kunne like gjerne vært skrive i dag.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

PiippokattaStig TMorten BolstadSynnøve H HoelMalinn HjortlandkntschjrldBerit RBertyFarfalleAnne-Stine Ruud HusevågSilje-Vera Wiik ValeFriskusenHilde H HelsethEgil StangelandNicolai Alexander StyveelmeRufsetufsaHanne Kvernmo RyeJenny Dahl BakkenErlend Rødal VikhagenJakob Lund KlausenPirelliFindusVannflaskeBerit B LieHilde Merete GjessingNina M. Haugan FinnsonMcHempettAkima MontgomeryHarald KDanielDemeterTove Obrestad WøienJoakimKirsten LundChristoffer SmedaasKjell F TislevollKuboaaEileen Børresenmge