Denne likte jeg.
Nå er jeg en uttalt Hamilton-fan, så det at jeg liker hans bøker er ikke så rart. Denne tykksaken er en slags blanding av Greg Mandel og de mer eksotiske fortellinger.
jeg koste meg hele veien og håper Hamilton kan fortsette i same retning.
Peter F. Hamilton er min store sci-fi-favoritt for tida. Han skriv episke romanar, samstundes som dei har element av både krim og sosialt engasjement. Denne boka skil seg litt frå det han har gjort dei siste åra ved at det er ei enkelt bok og ikkje ein trilogi. Samstundes gjenbrukar han somme av grepa frå tidlegare bøker - meir kan eg ikkje seie utan å røpe for mykje av løysinga...
Dette kan vera ei fin bok å starte med om du vil bli kjent med ein god sci-fi-forfattar, eventuelt kan du starte med Greg Mandel-serien.
Diverre er ingen av bøkene komne ut på norsk enno. Sc-fi som litteratur har ikkje same status som fantasy, sjølv om sci-fi som film er populært. Det er veldig synd, sci-fi som sjanger gjer det mogleg med samfunnskritikk på eit nivå som samtidsskildringar manglar. Hamilton er god til å trekkje trådar framover og lage realistiske framtidssamfunn gjennom å draga tendensar frå i dag ut i ytste konsekvens.