Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Du verden, for ei bok!

Machado de Assis blir rekna for å vere Brasil sin fremste forfattar, og denne boka blir reikna som starten på realismen i Brasil.

I boka fortel Brás Cubas, ungkar frå ei velståande familie i Rio de Janeiro, om livet sitt. Det spesielle er at forteljaren er avliden og han fortel dermed frå det hinsidige, noko som gjer at han kan vere absolutt ærleg om alle hendingar, og tankar han har hatt omkring dei, i livslaupet. Han avslører mellom anna på finurlege måtar korleis velgjerningar eigentleg er styrt av forfengeligheit, som t.d. når han gjer eit stort nummer av å finne den rette eigaren av ein gullmynt han har funne, samstudes som han ikkje bryr seg det minste om det same når han seinare finn ein større pengesum.

Ein vesentleg del av boka handlar om kjærleiksforholdet til Virgília, som er gift med ein ambisiøs politikar. Trekantdrama er visst ein vesentlig ingrediens i realismen etter det eg har forstått.

Det mest tiltalande med boka er dei mange krumspringa, der forteljaren vekslar mellom å skildre hendingar han hugsar, kvasi-filosofiske betraktningar, og dialog (?) med lesaren. Hadde eg levd for 133 år sidan, då boka kom ut, ville eg kanskje ha meint at dette var det mest forfriskande eg nokongong hadde lest. Men sidan eg lever i ei anna tid, og er påvirka av andre impulsar, er den subjektive leseopplevinga slik at eg gir ein sterk 4'er til denne. (Eg vil anta at lesarar med vidare litteraturkunnskap enn meg sjølv vil vurdere den høgare)

Boka skal straks kome ut i norsk utgåve. Det slo meg under lesinga at det må vere ei formidabel oppgåve for oversetjaren å få fram alle dei finurlege poenga i forteljinga på ein overtydande måte. Eg heier på Brás Cubas og oversetjaren Christian Rugstad, lykke til!

Skulle det bli mageplask så finnest det eit botemiddel: "Brás Cubas' medisin mot melankoli"!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Beathe SolbergHarald KKirsten LundBenediktePerSpelemannEileen BørresenLailaMalinn HjortlandFindusAnniken RøilTove Obrestad WøienTine SundalTor-Arne JensenTorill RevheimDaffy EnglundEvaingar hDolly DuckTheaVannflaskeritaolineTore HalsaDemeterEgil StangelandIngvild SLars MæhlumHeidi BBPiippokattaBentesomniferumStig TCamillaPrunellaMarit MogstadsiljehusmorReidun SvensliInge KnoffGrete AastorpnefertitiHanne Kvernmo Rye