Røvarhistorie frå det karrige innlandet i nordaust-Brasil. Året er 1915, det er stortørke, og folk lir. Den mektige landeigaren Santino Virtuoso styrer småbyen Pau Oco og omgjevnadane med jernhard hand. Men ettersom nauden aukar og tyranniet til landeigaren eskalerer byrjar enkelte å legge planar for å ta han av dage. Santino er i pengenaud, og tek livet at ein omreisande storgamblar og stel pengeskrinet hans, som mellom anna inneheld ei samling av gamle gullmyntar. Det blir kjent at landeigaren har ein gullskatt, og i tillegg til dei som alt hadde planar om å ta livet av landeigaren er det no enno fleire som legg planar for å få tak i gullskatten.
Forteljinga balanserer mellom å vere humoristisk og underhaldande på den eine sida, og opplysande om tilhøva i denne delen av landet for 100 år sidan på den andre sida. Det er velkjent at landeigarar i denne delen av landet kunne vere særskilt brutale og hjarterå. Forfattaren har gjort seg flid med å gi karakterane ei språkføring som er karakteristisk for regionen og for tidsepoka. Eg har undervegs i lesinga underholdt mine brasilianske familiemedlemmer med drypp av «gamaldags bondespråk», og får stadfesta at folk snakka slik før i tida. Artig.