Viser 1 til 1 av 1 omtaler

("O tigre na sombra" tyder "tigeren i skuggen")

Lya Luft er mellom dei mest populære samtidsforfattarane i Brasil, og eg blei anbefalt denne boka av ekspeditrisa i ein av bokhandlane på flyplassen i Rio då eg spurte etter tips om nyare brasiliansk litteratur.

Hovudpersonen i boka, Dolores, eller berre Dôda, fortel om livet sitt frå byrjinga, i alle fall frå så langt tilbake ho kan hugse, og til det ein må anta er slutten. Dôda har livleg fantasi som liten, og er mellom anna overtydd om at det finnest eit parallelt univers inne i speglane. Dôda har og eit lite handicap som hemmer henne sosialt gjennom oppveksten. Seinare i livet virker det meir som om det er mentale sår frå barndomen som tyngjer mest.

Relasjonar innad i familien er det sentrale temaet i boka. Innimellom er den godt og originalt skrive, men litt for ofte får eg kjensla av at det sit ei bitter dame med sviktande sjølvinnsikt bak tastaturet. Det har seg nemlig slik at det er påfallende mange like detaljar mellom oppveksten til Dôda i boka og oppveksten til forfattaren sjølv.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Anne-Stine Ruud HusevågAkima MontgomeryLailaPiippokattaKaren RamsvikAmanda AKirsten LundReadninggirl30HanneEllen E. MartolIngunn SMalinn HjortlandEivind  VaksvikEli HagelundMads Leonard HolvikAnita S.LinnNikkaGladleserJarmo LarsenalpakkaKjerstiConnieReidun Anette Augustinmay britt FagertveitINA TORNESAnniken RøilPilarisKjerstiTonesen81HannekntschjrldAnne Berit GrønbechBeathe SolbergVannflaskeKaramasov11GodemineHanne Kvernmo RyeLars MæhlumNorahIngvild S