Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Den ytre rama for forteljinga er det provinsielle Russland på midten av 1800-talet, og to studentar frå overklassa som nyttar sommaren til å slynge rundt i diverse selskap, vitje spanande damer og ellers forfekte det nihilistiske tankesettet.

Sjølve rama for forteljinga appellerte ikkje til meg. Det blei for fjernt. Eg vil tru at nokon med meir kunnskap om, og interesse for, russisk historie, og som også evner å lese skildringar av overklasseliv utan å irritere seg over gagnløysa, vil ha større glede av denne sida av forteljinga.

Men der er andre aspekt av boka som er særs bra. Naturskildringar og dialog har vært trekt fram i andre omtaler, og det er eg heilt samd i. Turgenjev skildrar også på ein framifrå måte ungdomen sin leiting etter ein eigen identitet. Ungdomane i boka kalla seg nihilistar og fremja idear som gjorde foreldregenerasjonen fælsne. Hadde Basarof og Arkadi levd hundre år seinare hadde dei truleg vært hippiar. Og kva hadde dei vært i dagens samfunn? Forslag?

Boka fekk meg trass alt til å tenke ein del undervegs i lesinga, og det er eit av kjenneteikna på ei bra bok.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

PiippokattaAnneWangCecilie EllefsenritaolineLena Risvik PaulsenRisRosOgKlagingIngunn SEivind  VaksvikRufsetufsaTorill RevheimHarald KVegardKirsten LundSigrid Blytt TøsdalSynnøve H HoelLene AndresenMorten JensenJarmo LarsenAnne Helene MoeSolveigLilleviKjerstiReidun SvensliMathiasMarenIngunn ØvrebøJulie StensethVibekeKari FredriksenTore HalsaAnne-Stine Ruud HusevågDemeterToveBertyAkima MontgomeryFrode Øglænd  MalminAud Merete RambølSol SkipnesJoakimEli Hagelund