Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Skjemt og alvor.

The New Yorker er i mangt eit humoristisk blad. Likeins innheld denne boka òg mange vitseteikningar. Eg vart difor overraska når forfattaren brukar den innleiande bolken til eit krast oppgjer med den første redaktøren, Harold Ross: udugeleg som redaktør og utriveleg som medmenneske, skriv Gill. Først på side 43 kjem den fyrste gode, lattervekjande historia. Sidan kjem det heldigvis fleire, og vi får ei fengjande, om enn springande framstilling av det berømte bladet sett frå innsida, slik boktittelen lovar. Gill er god til å gi personlege skildringar av dei mange forfattarane og kunstnarane som skreiv og teikna for bladet, ofte for skral betaling, i tida frå 1925 til 1975.

The New Yorker er kjent for skrivekunsten sin. Gill gjer det klårt at det høge nivået kjem av hardt arbeid i redaksjonen. Det kan vere ein pinefull prosess, men som eg skulle ønske at òg norske utgjevarar tok seg meir tid og krefter til.

Boka har ein forunderleg slutt. Gill angrar no på mest alt det stygge han skriv om redaktør Ross i dei fyrste kapitla. No målar han eit forsonande portrett om den same mannen. Siste ordet - over fleire sider - gir han til den neste redaktøren, William Shawn, som har så godt som berre godord om forgjengaren sin. (Omtalen gjeld fyrsteutgåva frå 1975)

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

PiippokattaHeidiLinda NyrudTheaIngvild STone SundlandStine SevilhaugMonaBLVariosaHarald KTorFlettietteMonica CarlsenHilde Merete GjessingReadninggirl30DemeterPacosiljehusmorgretemorBjørg RistvedtHilde H HelsethStig TJarleLeseberta_23BenedikteHelena EGrete AastorpEileen BørresensomniferumLisbeth Marie UvaagTone HGrete AmundsenAnne-Stine Ruud HusevågKristina Jernstrøm LyseboritaolineKirsten LundCecilie MLailaHeleneEgil Stangeland