Historien om oss er ei historie om paret som kasnkje endeleg er klare til å verte vaksne som flyttar til småbyen Moss med baby i magen og rekkehus i skogkanten. Samstundes prøvar forfattaren å fortelje historia om forferdrene og korleis desse set spor i oss - men og om Noreg som krigsnasjon. Om han lukkast er usikkert.
Agnar Lirhus skriv bra. Han skriv so bra at karakterane blir irriterande levande for oss, og vi lev med dei og dei vert levande for oss som lesarar. So levande at vi til tider kan få lyst til å riste litt i dei.
Forfattaren har ynskt å fortelje historia til to som ikkje ynskjer å ta ansvar for eige liv, men endeleg finn ut at dei må det. Både av seg sjølv og gjennom ein baby som tvingar dei. Dette kan vere eit bilete på oppvekstande unge i dag som er redde for å ikkje bety noko, men som samstundes ikkje vil ha ansvaret som dette inneber.
Dette glir til tider over i det karikerte - særleg pasasjen om der kona er utru mot mann sin. Dette forringar forteljinga og gir den preg av ein ungdomsroman for unge vaksne.
Men Lirhus vil ikkje berre fortelje oss historia om dette paret som flyttar til Moss, han vil setje alt inn i eit større perspektiv. Dette perspektivet er todelt - det eine tek for seg forhistoria til hovudpersonen - kva far hans og far hans igjen gjorde.
Det andre perspektivet forfattaren vil setje fokus på er eit meir overordna - Noreg som illusorisk fredsnasjon. Og det er her forfattaren feilar.
For det fyrste klarar han ikkje å formidle det han vil. Etter å ha lese pasasjane der han til tider ramsar opp fakta, sit eg igjen med spørsmålet om kva dette skal tene? Kvar vil forfattaren, kva ynskjer han å fortelje til meg som lesar.
At forfattaren ikkje får medelt det han vil ordentleg kjem nok og av at desse seksjonane er dei som er dårlegast skrive. Som sagt er det til tider oppramsing, men den største delen minner mest om ei kjedeleg lærebok frå ungdomskulen. Teksten er uengasjerande og for informasjonsmetta til å tillate lesaren å dra ut eit bodskap og ei meining frå teksten.
Desse pasasjane gjer boka og forteljinga rotete og usamanhengande. Noko som er særs skjemmande for ei forteljing som er god. Og det forfattaren vil legge fram om Noreg som fredsnasjon kan og skimtast som interessant. Langt der inne.