Morosam bok, i stor grad sjølvbiografisk, om oppvekst som aspirerende rockestjerne i ei lita bygd. Unggutane Oliver (hovudpersonen), Hermann, Birger, og Jan startar bander Rattle Orchestra inspirert av Beatles og etter kvart Rolling Stones og andre. Tiltaket er lite populert mellom dei vaksne i bygda, unntaket er mor til Hermann som ser potensialet i gutane og legg til rette for ei framtidig musikkarriere for sonen. Bandet opplever stor suksess i lokalmiljøet, og drøymer om platekontrakt og internasjonal suksess. Det er Oliver og Hermann som er dei musikalske drivkreftene i bandet, men etter som dei veks til trekkest dei i ulike retningar. Der Oliver ynskjer å gå for kompromisslaus Rock 'n Roll, "jo villere, jo bedre" som han uttaler ved eit høve, vil Hermann heller gå for komposisjonar inspirert av folkemusikk. Hermann får overtaket i maktkampen i bandet, overtaket blei etablert då Oliver sin bestevenn Birger blei erstatta med Odd Albert som er naboen til Hermann. Når Oliver etter kvart utviklar ein tendens til å få angstanfall i situasjonar der han kjenner seg pressa, blir han sjanselaus i å få innflytelse på den vidare karriera til bandet. Boka sluttar med at bandet får platekontrakt, men Oliver blir ikkje med vidare fordi han blir sendt på folkehøgskule av foreldra.
Der er mange gode skildringar i boka, både miljøskildringar frå indre Nordmøre på 60-talet og skildringar av motsetningar; motsetningar mellom ungdom og voksne, mellom ungdom som likar popmusikk og ungdom som heller driv med idrett, og mellom musikarane Oliver og Hermann. Likevel er det eit eller anna med språket eller stilen i boka, eg greier ikkje heilt å setje fingeren på kva det er, som gjer at eg ikkje trillar høgare terningkast enn 4.
Ein må også nevne at boka er flott illustrert med maleri av Bjarne Stenberg, og at der fylgjer med ein CD med 8 av Rattle Orchestra sine største slagerar.
Ein kan heller ikkje unnlate å nevne at dette i virkeligheita er forhistoria til Vårsøg, ei gruppe folk flest i Norge kjenner frå melodien ved same navn. Oliver, Hermann, Birger, Jan og Odd Albert i boka er i virkeligheita Ola Skei (forfattaren), Henning Sommerro, Bjarne Stenberg (bokillustratøren), Jarl Skei og Alf Olav Fiske, og bandet "Rattle Orchestra" heitte i virkeligheita "The Tramps". Nordmørspopnostalgi-nettstaden "Plekterfesten" sin side om Vårsøg ( http://www.plekterfesten.no/retroband/varsog/index.php ) har fyldig og godt illustrert omtale av forhistoria, og mykje av dette er å kjenne att frå boka "Dalapop".
Sjå også bokomtale på "Plekterfesten" sine sider:
http://www.plekterfesten.no/retroband/dalapop/index.php