"Vidas Secas" sin plass i brasiliansk litteratur kan kanskje best samanliknast med "Markens Grøde" i den norske litteraturen. Boka handlar om ei familie på 4, Fabiano, Vitoria og dei to gutane deira som bur i øydemarka i det nordaustlege brasilianske innlandet. I ein tørkeperiode legg dei ut på vandring og finn fram til ein forlatt farm der dei slår seg til. Tørken tek slutt, dei får løyve av landeigaren til å slå seg til på farmen der dei hjelper til med husdyrhaldet, som tek seg opp att etter tørken. Men etter ei tid kjem ei ny tørkeperiode, husdyra må slaktast eller svelt i hjel, og familia legg på ny ut på vandring, på leit etter ein ny stad å slå seg til.
Mykje av teksta i boka dveler ved korleis hovudpersonane i boka, analfabetar og med avgrensa ordforråd, forstår omgjevnadane sine og reflekterer over lagnaden sin. Det meste av boka er prega av at dei kjenner seg makteslause over sin eigen lagnad, og at dei kjenner sin plass nederst på den sosiale rangsstigen, omlag på nivå med hunder og rotter. I avslutninga, der dei legg ut på ny vandring, våger dei endeleg å drøyme om å skape eit betre framtid for gutane sine.
Språket i boka er vakkert og malande, men også krevjande for ein som ikkje har portugisisk som morsmål. Dette skuldast nok delvis at språkføringa på 1930-talet var noko ulik den i dag, delvis at det blir skildra gjenstandar, vekster og skikkar frå djupaste innlandet, men kanskje først og fremst ordrikdomen og språknyansane som forfattaren nyttar i boka, i sterk kontrast til dei analfabete hovudpersonane. For meg blir denne boka ein referanse for kor ofte ein må ty til ordboka for å kome seg igjennom ei tekst.
Boka er dessverre ikkje å finne i norsk oversetjing, den skal finnest på spansk, fransk, ungarsk, nederlandsk, engelsk, italiensk tsjekkisk og tyrkisk. Den er også filmatisert, heile filmen er å finne på youtube:
http://www.youtube.com/watch?v=DCTnivj9cz4