"Porra" tyder sperm på portugisisk, men i dagligtale blir det bruka omlag som "drit" på norsk, som i "eg forstår ikkje ein drit". Derfor klarte eg ikkje å halde meg frå å lage litt moro ut av tittelen då eg hadde bestemt meg for å kjøpe boka i Brasil. Scena er ein respektabel bokhandel, med ei vakker, ung og velkledd eksepeditrise som kjem meg smilande i møte og lurer på om ho kan hjelpe med noko,
- Sel de drit ("porra") her, spør eg
Smilet blir ein anelse usikkert, og ho spør om eg kan gjenta
- Eg er på utkik etter drit, og eg tenkte de kanskje hadde det her
Dama ser seg rådvill rundt, og ein mannleg kollega som anar at ein vanskeleg situasjon er i emning kjem diskret til unnsetning
- Hei, kanskje du kan hjelpe, eg vil kjøpe drit
Mannen fekk ein lett raudfarge i kinna og trekte pusten djupt. Eg var egentlig klar for å dra spøken eit lite hakk lenger, men svogeren min som var med på handleturen meinte det var nok og før ekspeditøren rakk å seie noko skaut han inn:
- Han er på jakt etter boka med tittelen "drit"
Det var ein ubetaleleg augneblink, nesten verdig ei MasterCard-reklame, då ansiktsuttrykka til dei to ekspeditørane skifta frå indignasjon via overrasking og deretter lettelse som tilslutt enda i ein gapskratt. Herlig.
Men så til sjølve boka. Bakteppet for forteljinga er rave-miljøet i Rio de Janeiro på tidleg 2000-tal, med utagerende festing, lav terskel for valdsbruk og lemfeldig omgang med rusmiddel. I boka fylgjer vi tre personar gjennom nokre dagar. Caco er ein kynisk dritsekk, arkitekt, homofil, og brukar dagane til å hente seg inn att etter festinga natta før. André vankar i ein gjeng som dyrkar kroppsbygging om dagen og morar seg med å banke opp tilfeldige offer på byen om natta. Felix er doplangar, full av piercing og tatoveringar, og er plaga av at det har gått infeksjon i den nyaste piercingen i panna.
Kvar av karakterane må av ulike grunnar flykte frå byen for nokre dagar, og ved ei tilfeldigheit oppsøker både André og Felix, som ikkje kjenner einannan (sjølv om André vagt meiner å hugse å ha vært med på å banke opp Felix ved eit tidlegare høve) Caco for å få hjelp til å kome seg unna, og Caco tek dei med til ferieboligen til ei venninne der dei kan halde seg i skjul til ting har roa seg. Men med tre såpass ulike personligheiter, og der alle tre tenker berre på seg sjølve, er det dømt til å skjere seg. Alle tre har undervegs i forteljinga eit ynskje om å endre livet sitt til det betre, men ingen av dei klarer å bryte ut av sirkelen dei er inne i. Vel, ein av personane gjer forsåvidt det, men på ein lite konstruktiv måte.
Boka er forholdsvis lettlest, ikkje skræmande lang, der er ein del slanguttrykk men dei fleste av desse blir forklarte i ei eiga "ravemiljøslang-ordliste" bakerst i boka så det er ikkje noko problem. For ein som ikkje har portugisisk som morsmål er det absolutt overkomeleg å lese igjennom denne. Underhaldande er den også. Men den manglar litt på å vere stor litteratur.