Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Romfolk har vært eit hyppig tema i media i det siste, og sjølv om taterfolket i Norge høyrer til ei anna grein av romfolket enn dei som no oftast er opphav til overskrifter så er det likevel interessant å lese denne boka i lys av dagens situasjon.

Arvid Møller, journalist og forfattar som i følge wikipedia has spesialisert seg på biografiar av kvardagsheltar og vanlege menneske, skreiv i 1974 ned livshistoria til Marie Lovinie Oliversen slik ho fortel den, i 1. person. Marie var datter til Stor-Johan, ein akta leiar av si grein av tater-folket. Marie fortel om minne frå barndomen, om skikk og bruk taterar imellom, om livet på landevegen, om forholdet til fastbuande på godt og vondt, og gjeng mot slutten også kraftig i rette med staten for systematisk å ha tatt taterungar frå foreldra sine tidlegare på 1900-talet.

Mistru og uvilje frå fastbuande er regelen heller enn unntaket i denne skildringa. Dette gjeld nok i høgste grad også for dei tilreisande frå romfolket som er tema no for tida. Eg høyrer nok sjølv til dei mistruiske, og det kan vere greit å nyansere fordomane sine med bøker som denne. Likevel, Marie legg ikkje skjul på at taterfolket har ei stygg historie med innbyrdes vald, ho nevner mange interne valdsepisoder og ei anledning der ho sjølv har knivstukke, og i eit bilete inne i boka poserer ho også med kniv og i biletteksta heiter det at «Dette er redskap som har fått prøve seg!». Det er derfor kanskje ikkje berre urimeleg at taterane blei møtt med ein viss skepsis der dei var på reise. Det vil seie, det urimelige ligg vel i å vere skeptisk til taterane som folk i staden for berre til den einskilde bråkmakaren. Kan ein trekke parallellar til dagens situasjon med tilreisande romfolk? Tja. Det kan fort bli ein omfattande drøfting som blir malplassert her.

Tilbake til boka; sjølv om tittelen på den er Taterdronninga, så kjem det i liten grad fram korvidt Marie også har hatt ei leiarrolle i slekta. Det er naturleg å tru at ho har hatt det, og at dronning-tittelen ikkje berre er i kraft av at ho var datter av Stor-Johan. Marie legg fram historia si med stor beskjedenheit, og eg vil tru at ho ikkje ville ha gjort noko nummer av ei eventuell leiarrolle. Her kunne Møller kanskje ha fylt på med meir informasjon.

Ein annan stad eg kunne ha tenkt meg påfyll av fakta frå forfattaren er i høve til ei munnleg overlevering i slekta til Marie om eit stort taterslag i Magdeburg, der mange taterar blei drept i eit blodbad. Eg greier ikkje å finne noko informasjon om dette på internett, og har begynt å spekulere i om opphavet til denne historia kan vere massakren i Magdeburg under 30-årskrigen, der 20 000 sivile blei slakta ned av Det tysk-romerske riket sine leigesoldatar. Det hadde vært interessant å vite meir om dette.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Linda NyrudBirkaAnne-Stine Ruud HusevågPiippokattaritaolineNicolai Alexander StyveHarald KLailaBjørn BakkenBård StøresiljehusmorAkima MontgomeryBeathe SolbergKjerstiHilde Merete GjessingEster STorAmanda ALilleviFrisk NordvestAnn-Kristin RobstadJMerethe SolstadMorten MüllerEllen E. MartolGro-Anita RoenKirsten LundBenedikteAstrid Terese Bjorland SkjeggerudIngunnBerit RIngunn SLisbeth Kingsrud KvistenThomas KihlmanTor-Arne JensenAnniken LOle Jacob OddenesAnette SRavnStig TMalinn Hjortland