Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Leser & likar # Etter bok 2 i Den mørke materien var eg klar for ein pause og noko lettare, og dumpa over klassikaren "Emil og detektivene" frå 1928, som no for første gong er kome i uavkorta norsk utgåve. Og for ein sjarmerande lita bok!

Erich Kästner (1899 - 1974) hadde eit langt forfattarskap bak seg då han døydde, men det er denne vesle barneboka som er blitt ståande som den mest kjende. " Emil og detektivene" vekte oppsikt i samtida med den realistiske samtidsskildringa frå bymiljø. Tidlegare var spenningslitteratur for born gjerne lagt til eksotiske eller eventyrlege miljø, noko forfattaren harselerer litt med i forordet til originalutgåva. Boka vart raskt ein enorm suksess, omsett til 60 språk. Filmversjonane lot heller ikkje venta lenge på seg, den første filmen vart laga i 1931. "Emil og detektivene" innleidde ein heilt ny sjanger - detektivbøker for born. Det skulle koma mange sidan! Men dette var den aller første boka som handla om skumle skurkar og born som detektivar i eit realistisk storbymiljø.

Handlinga er enkel nok: Emil tek toget for å besøka bestemora i Berlin, men blir fråstole pengane sine undervegs. I Berlin møter han ein gutegjeng som hjelper han. Og - får dei tak på tjuven, og får Emil pengane tilbake??? Eit STORT spenningsmoment.

"Emil og detektivene" kan godt lesast av vaksne. Språket, framstillinga, miljøet, illustrasjonane - smask. Ei vidunderleg bok, ei perle.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

AnitaKirsten LundNicolai Alexander StyveLesevimsaNinaEivind  VaksvikBritt ElinEgil StangelandAlice NordliPer Åge SerigstadsiljehusmorLene Nordahlingar hTone Maria JonassenSigrid Blytt TøsdalLars Johann MiljeAnita NessBeathe SolbergDemeterBerit RAnn ChristinSynnøve H HoelCamillaMarit AamdallittymseIngebjørgDaffy EnglundFiolIngeborg GElisabeth SveeLilleviHeidiEirin EftevandKjell PHarald KAnette SFlettietteMonica CarlsenMads Leonard HolvikPiippokatta