Viser 1 til 2 av 2 omtaler

Denne lille boka på nitti små sider om 22. juli-massakren tar for seg hvordan terroristen ble omtalt i offentlige dokumenter og i journalistiske bøker. Enerstvedt mener at for mange har lagt for liten vekt på hva terroristen selv har skrevet og mener, at selv om ABB opptrådte på egen hånd, gjør man en feilvurdering å se bort fra konteksten der ABB fikk sine politiske inntrykk og erfaringer fra, spesielt i tiden som medlem av FrPs ungdomsorganisasjon.

Enerstvedt stiller seg svært kritisk til personomtalene som hittil er offentliggjort, enten det dreier seg om ABB selv eller hans nærmeste familie, men bruker likefullt disse kildene til sin egen interessante, freudiansk-pregete analyse av terroristen og hans forhold til sine foreldre. Vel verdt å lese.

Enerstvedt som i tillegg til å være professor emeritus i sosiologi har en fortid i Norges kommunistiske ungdomsforbund, legger ikke skjul på sitt politiske ståsted i dette essayet. En behøver ikke dele disse meningene for å ha glede av boka.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Om ein massemordars ideologi

Og så var det nettopp dette han ikkje gjorde: Kom inn frå ingenting. Anders Behring Breivik, altså. Poenget til den emererte professoren Regi Th. Enerstvedt I boka Massemorderen som kom inn fra ingenting (Marxist forlag 2012) er at Behring Breivik så absolutt hører heime ein stad – ideologisk.

Dette er viktig i ei tid der fleirtalet av debattantane ser ut til å vere meir interesserte i hovudet til massemordaren enn i samfunnet rundt han, for ikkje å seie den historiske og ideologiske linja som han er eksponent for. For Enerstvedt er det tydeleg at Breivik er del av ein ideologi som dessverre ikkje er ukjend verken her i landet eller internasjonalt.

For å analysere seg fram til drivkreftene bak handlingane den 22. juli 2011 går forfattaren relativt detaljert gjennom det manifestet som Breivik har publisert på Internett. Deretter reiser han ei rekkje spørsmål som han, så langt det lét seg gjere, svarer på grundig og seriøst – Er Breivik antiimperialist? Antirasist? Antifascist? Antinazist? – før han ser på massemordaren i «normalitetens og galskapens perspektiv». Her går Enerstvedt m.a. inn på «diskusjonen om tilregneligheten» og «ondskapen som psykologisk problem», for berre å nemne to av emna.

Kanskje burde forfattaren ha gått like grundig inn på den demokratiske og den ikkje-demokratiske tradisjonen som gjer med manifestet og dei rettspsykiatriske erklæringane, for det er her kjernen ligg. Slik eg forstår han, tenkjer han på verdiane frå den lange – og fredelege! – borgarleg-demokratiske revolusjonen her i landet, som begynte med datidas mest framstegsvennlege grunnlov og frigjeringa frå dansk styre i 1814, og som heldt fram med det kommunale sjølvstyret, parlamentarismen, lausrivinga frå Sverige og den allmenne stemmeretten. Enerstvedt skriv seg inn i ein tradisjon der demokrati er uttrykk for at folkevalde organ har reell og avgjerande makt og der dei borgarleg-demokratiske rettane, folkefleirtalet og den internasjonale folkeretten blir respekterte fullt ut.

Og Behring Breivik, meiner Enerstvedt, går inn i den motsette tradisjonen, den ikkje-demokratiske. Han går grundig inn på eksempel på denne tradisjonen – frå motstanden mot allmenn stemmerett til Quisling og dagens brot på folkeretten (altså krigføringa i Afghanistan og Libya). Men noko av det aller viktigaste ved boka er dei delane der Enerstvedt tek føre seg den ideologiske arven frå Breiviks tid i Framstegspartiet (og Frimurerlosjen) – det er dette som har forma han og styrkt den viktigaste drivkrafta: antikommunismen.

Ein interessant del er dokumentasjonen av dei 38 angrepa frå den ekstreme høgresida sidan 1977 mot venstreorienterte og mørkhuda personar. Enerstvedt trekkjer denne konklusjonen:

  1. Det er galt å hevde at venstresiden og høyresiden er like voldelige når det gjelder individuell vold/terror. Venstresiden har juridisk – her dokumentert de siste 34 år – vært ikke-voldelig, mens høyresiden simpelthen har en voldelig del.
  2. Anders Behring Breiviks individuelle terror er enestående i sitt omfang. Den inngår likevel i en voldelig høyreorientert historisk tradisjon i Norge.

Boka ber ein del preg å vere skriven under tidspress, men dette er underordna det viktige oh grundig dokumenterte perspektivet som ho burde gi debatten om 22.juli.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

LilleviLabbelinesiljehusmorBård StøreTor Arne DahlalpakkaCathrine PedersenStig TReadninggirl30VannflaskeMarenReidun SvensliTrineIvar SandFrode TangenSigrid Blytt TøsdalLailaLars Johann MiljeInger-LiseKirsten LundMorten MüllerJulie StensethLars MæhlumBjørg L.Catrine Olsen ArnesenStine SevilhaugAneStine AskeKristine LouiseMona Aarebrotmay britt FagertveitPiippokattaHeidiAnn-ElinBerit RLinnAEritaolineAnette STonje-Elisabeth StørkersenTine Victoria