Viser 1 til 3 av 3 omtaler

En ung jente, født under 2. verdenskrig, oppdager boken "Asgard and the Gods". En stor bok om de norrøne gudene. Om verdens tilblivelse og undergang. Litt som krigen.

Forfatteren vever inn krig, ødeleggelse av jorden, naturkatastrofer og uvettige guder i historien. Man får en oppfriskning i norrøn mytologi, men jeg ble ikke veldig engasjert.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Byatt har fortalt myta om dei norrøne gudane og alt som leier fram til ragnarok, verdas undergang, på ein ny og til dels personleg måte. Me møter "the thin child", ei liti jente i eksil på landsbygda i England under krigen. Ho les lite anna enn Pilgrim's Progress og Asgrad and the Gods, bøker som vekker interessa hennar for historiar og eventyr, samtidig som dei plasserer religionane ein gong for alle i mytene si verd. Det tynne barnet vert aldri kjent med gudane, men ho ser parallellar mellom gudane og deira undergang, og hennar eigi verd i krig.

For dei som har vakse opp med historiane om dei norrøne gudane, frå skaping til undergang, og kanskje særleg for dei av oss som i tillegg har studert mytene med religionsvitskapen som bakgrunn, er historia Byatt fortel kjent stoff. Men ho gjer det med ei blanding av mytisk distanse (ho skriv i etterordet at myter ikkje er eventyr eller romananar, karakterane er karakterar og ikkje personar) og fantasi og detaljrikdom som gjer særleg figurar som Loke og Midgardsormen klårare og sterkare enn i mange andre framstillingar. Verket Asgard and the Gods er hovudkjelda til Byatt, men ho har òg drege frå Edda, og då særleg diktet Voluspå, og andre nedteikningar av dei mange historiane om dei norrøne gudane sine liv og endelikt.

I motsetnad til Voluspå, sluttar forteljinga til Byatt med undergangen, og oppstoda av ei ny verd, Gimle, er uteleten. Parallelt er krigen over, og det vesle barnet vender attende til byen. I begge forteljingane har naturen gått under, og det er dette som er Byatt sitt mål med gjenforteljinga av myta: gudane og menneska sin uforstand, at dei som har makt til å hindra verda sin undergang ikkje gjer noko med det, men ufortrødent leikar vidare til det einaste som er att er nokre sjakkbrikkar i gull.

Fyrst publisert her

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Denne boken klarte jeg ikke engang å fullføre, enda den ikke er veldig lang. Boken er grusomt kjedelig og har ikke god flyt. Ikke les denne.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Kirsten LundLailaStig TNils HHegePär J ThorssonKaramasov11PiippokattaReadninggirl30Cathrine PedersenHanne Kvernmo RyeFredrikEivind  VaksviksiljehusmorCecilie EllefsenTove Obrestad WøienMonica CarlsenAlice NordliTanteMamieReidun SvensliHilde AasnurreBente NogvaEileen BørresenStein KippersundTone HSigrid Blytt TøsdalNinaGro-Anita RoenJohn LarsenLars MæhlumIngvild SSigrid NygaardMartinCatharinaFindusKent Ivar Aasten OlsenEvaHilde H HelsethAnneWang