Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Knausgård skriv jo i essayet om kaotiske fenomen som liknar andlet. Dette er ei kjent psykologisk effekt. I tidlegare tider har jo også skytolking vorte teke som ei rimeleg seriøs disiplin (Nils Gilje kallar det skyenes semiotikk, om eg hugsar rett).

Boka består av fotografi av skyer, og det er i grunnen godt gjort å skapa interesse for slike bilete, men dei er lekre, og eg tenker på ein annan fotograf som har drive med dette, nemleg no avdøde Tom Sandberg, som gjerne sat ved vindauget i passasjerfly og fotograferte.

For meg vert det eit problem når det verkar opplagt at ein skal sjå eit andlet i biletet, og dette verkar særleg tiltenkt på grunn av essayet i starten, så når dette skjer vert eg straks uinteressert i biletet. Somme liknar kroppar, dei likar eg gjerne betre, men i det heile tatt er det liksom eit problem at ein tenker at skyene skal likna på noko. Det vert liksom for platt. Då likar eg betre dei bileta der eg ikkje straks festar meg ved ei spesiell form, men meir ved nyansar og dynamiske biletflater, og slike meir abstrakte ting. Den kornete biletflata somme stader synest eg fungerer betre enn dei meir glatte bileta, fordi det abstraherer, gjer det meir poetisk, eller tilsløra, i mangel av betre måtar å seia det på.

Ein stad er eg i tvil om eg ser på skyer direkte, eller skyer reflektert i ei vassflate (det eldste trikset i boka, men eg les det som ein sjølvrefererande kommentar).

Men altså, der det brått finst eit andlet, noko som er for opplagt, blir liksom resten av biletet liksom sett ut av spel. Det er best når det fungerer som ein heilskap. Likevel må eg nyansera dette litt, det finst unntak, og boka held liksom på sitt mysterium. Her og der nærmar det seg noko tvetydig (liknar det på noko, eller gjer det det ikkje, er det berre meg, eller vil fleire sjå det slik), då er det bra, då er det liksom så langt inne i hovudet mitt at eg kan byrja å tvila på eit eller anna ved meg sjølv. Og så er det berre skyer, skyer, komposisjonar av skyer. Ein stad eit fly og ein fugl, ein stad ein horisont, men elles berre skyer.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

LailaHarald KKirsten LundAndreas BokleserVioleta JakobsenPi_MesonBenteReadninggirl30Berit RTine SundalBritt ElinAnne-Stine Ruud HusevågRisRosOgKlagingIngunn SAmanda AHanne Kvernmo RyeEgil StangelandReidun SvensliCathrine PedersenBjørn SturødTanteMamieAnn ChristinalpakkaAnneWangStig TAlice NordliLilleviMathiasPiippokattaJoannAnne Berit GrønbechFarfalleMarianne MLinda NyrudLisbeth Marie UvaagConnieNerakntschjrldMarit HøvdeTurid Kjendlie