Roald Nygård skisserer i boka "Aktør eller brikke: Søkelys på menneskets selvforståelse" nokre av dei historiske konfliktane som gjeld mellom ulike retningar innan sjølvforståing. Nygård syner til at dei ulike syna på sjølvforståing får konsekvensar for i kva grad mennesket kan driva effektiv sjølvevaluering; for kva kan mennesket eigentleg stillast til ansvar for om det er offer for sine eigne drifter, kjensler eller personlegdom? Roald Nygård summerer opp dei historiske tradisjonane innanfor ulike teoriar, og syner til alternativa på ein nyansert og lesverdig måte.
Om du studerer eitt eller fleire fag som er relatert til menneske, som pedagogikk, organisasjon og leiing, ulike helsefag, psykologi, filosofi eller fag som slektar på desse, bør boka absolutt vera aktuell for deg. Om du er interessert i å auka forståinga ikring for eksempel sjølvforståing og korleis ein skal forstå korleis ulike menneske praktiserer ulik sjølvevaluering, vil òg boka vera noko for deg. Eg nytta boka i samband med studiar, og nyttar den enno. Eg tilrår boka på det varmaste.