Dette er ein heilt annan type bok enn eg plar lese, valt kun i fascinasjon over framsidedesignet, og dermed forfriskande godt og nytt. Handlinga tek, som tittelen viser, utgangspunkt i ei gate, Pepys Road, i London. Dette er ei lang gate, med hus som opp gjennom åra har auka kraftig i verdi. Dermed er innbyggjarane i gata eit breitt spekter både i alder og sosialt lag. Her er det mange personar og forteljingar involverte, men dei er delte klart opp i kapittel (i alt 107 kapittel fordelt på 620 sider) i tillegg til at dei er svært ulike, så det er ingen problem å halde dei ulike personane frå kvarandre. Historiene om dei ulike personane vert til saman storby-samtidshistorie, og dermed interessant i seg sjølv, tykkjer eg, men det er også lagt opp til eit slags krim-plot undervegs, som dreg handlinga framover og får oss til å lure på kven som er skurken. Dette er ei av dei mest interessante bøkene eg har lese på lenge.
Lette på omtrent alle de 621 sidene etter det "the Observer"beskriver som "dramatisk, rørende, ekstremt morsomt" . Fant det ikke. Leste ut fordi jeg ikke liker å legge fra meg ei halvlest bok.