Viser 1 til 2 av 2 omtaler

Spennende og fascinerende reise til det innerste og mest naturvakre Sibir. MiRee er fra Arendal, men kan russisk, og har studert i Russland. Jeg lærte mye om Russland og russere i denne boka. Og om MiRee, som ønsker å være barsk, og å finne bokseren Ljonja, som hun en gang bodde hos.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Det ville Østen er ein road-movie, nei sjølvsagt: ein train-movie inn i Sibir, inn i Sibirs hjarte, i russisk tankegang, kultur og ukultur. Reisa viser fram einskildtypar, folkegrupper og landskap. Den streifar historie og geografi. Eg veit mykje meir om Russland og Sibir enn før eg las boka. Men dette er ingen dokumentar eller faktabok. Likevel greier skrivaren på snedig vis å fletta inn mykje innsikt i sibirologien som ho kallar det. Boka er likevel ein roman, for inn i alt dette er der ei slag venskaps-(kjærleiks?)historie som gjev boka eit fint driv.

MiRee Abrahamsen skriv godt, nokre veldig få gonger syntest eg det kan bikka over og verta litt affektert, men alt i alt eit levande friskt språk. Mange flotte observasjonar levert som fine one-liners.

Der er noko unorsk over boka. Det har sjølvsagt med temaet å gjera: framand kultur må per definisjon bli unorsk ! Men det er noko med haldninga, attituden til dette framande som eg likar: ikkje-moraliserande, til tider politisk ukorrekt. Der ligg ei forståingsfull observering og kjærleik til dette veldige landskapet i heile underteksten.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Sist sett

ritaolineingar hKarin BergLars Johann MiljeJarmo LarsenBjørg  FrøysaaEllen E. MartolPer Åge SerigstadSilje-Vera Wiik ValeCecilie69Amanda AKjersti SK. H.Heidi HoltanLailaBrit HonningsvågHarald AndersenRuneEvaBookiacLesevimsaLisbeth Kingsrud KvistenPirelliNorahPiippokattaTurid KjendlieIna Elisabeth Bøgh VigreMonika SvarstadAnneTorill RevheimIngunn SBeathe SolbergKirsten LundGrofornixHarald KAstrid Terese Bjorland SkjeggerudBenedikteSynnøve H HoelDemeter