Jeg skulle ønske jeg hadde "Oryx & Crake" litt sterkere i minnet da jeg begynte på denne, for da jeg forsto hvor nært de sammenfaller tok boken seg opp mange, mange hakk. Atwood bygger et utrolig detaljert univers og en relativt spennende handling, som man nok får aller mest ut av ved å lese den tett på forgjengeren. Jeg lar det ikke gå like lang tid før jeg går løs på "MaddAddam" En sterk firer.
Jeg elsker virkelig denne trilogien og ofte er det vanskeligst å skrive om bøker som virkelig får bety noe for en. Ordene blir for små og fattige og en kan bare hinte om hva de får bety for en. Men en viktig ting er at dette er bøker også for de som til vanlig ikke leser science fiction. Som sagt inneholder de ikke hverken romskip eller utenomjordiske eller overnaturlige karakterer. Men handler om en fremtid der mennesket aldri lærte å ta vare på jorden de lever på. I alle fall ikke før det er for sent. Genmodifiseringen kan synes ekstrem, men i et etterord til bøkene skriver forfatteren at alle de tingene hun har skrevet om gener allerede finnes. Hun har rådført seg med biologer og forskere, og vi kan de grusomme og utrolige tingene hun beskriver. De er bare ikke «satt ut i livet» men befinner seg i laboratorier rundt om i verden. Vi har heldigvis lover som beskytter oss for det meste av genmanipulering. Men en dag kan det være at de rikt medisinselskapene, eller biologiske universitetene får lov til å prøve ut det de kan. Vi har ingen garantier. På det grunnlaget handler bøkene om en mulig fremtid, om enn om en meget skremmende fremtid.
Hele min omtale finner du på bloggen min Betraktninger
Flommens År er del to av MaddAddam-trilogien. Den følgjer omtrent same tidslinja som Oryx og Crake, og her blir me kjent med økosekta Guds Gartnere. Dei meiner alt alt liv er heilag slik Herren skapte det, og lever av det dei klarer å dyrke sjølv. Hovudpersonane er to kvinner, Toby og Ren. Toby er den litt eldre, rolige og stødige som først bruker sekta som ein skjulestad frå hennar valdelege tidlegare arbeidsgjevar som er på jakt etter ho. Etterkvart finner ho seg godt rette med pliktene sine og ansvaret sitt og viser seg å vera ein solid ressurs for gruppa.
Ren er berre barnet når mor hennar forelsker seg eg eit av medlemane i sekta og stikker av frå enklaven dei har budd i for å vera med han. Ho er ei naiv og følsom lita jente, men og empatisk og snill. Livet i sekta er ikkje så ille syns ho, spesielt når ho får ei ny bestevenninne.
Eg likte svært godt å bli kjent med både Toby og Ren. Som personer er dei nesten fullstendige motpolar, men begge er truverdige og ein blir etterkvart glad i begge to. Det fører til enkelte hjarteskjærande episoder, noko eg syns er denne romanen sin store styrke. I tillegg blir det spunne nokre tråder i handlinga som ein berre kan håpe blir nøsta opp i bok nummer tre, MaddAddam.
Det eg ikkje likte med Flommens År, var dei stadige gjestingane av karakterer frå Oryx og Crake. Nokre av dei er forståelege og bidreg til å gje eit meir heilhetleg inntrykk av samfunnet og av Guds Gartnere. Dei som trekkjer ned er dei ganske unødvendige som ikkje tilfører historia noko, og som etterkvart begynner å irritere litt. Samtidig er dette grepet brukt så systematisk at eg tok meg sjølv i å lure på om det er ein tankje bak det som eg ikkje får tak i. Alt i alt syns eg at karakteren fire er greit, historien om Toby og Ren er svært god og det er den som står att i minnet mitt. (Pluss nokre gnagande mistanker om kven me kjem til å møte att i bok nummer tre....)
(Eg leste denne romanen på orginalspråket, så om mine fornorskingar ikkje stemmer overeins med den utgjevne oversetjinga beklager eg det.)
Margaret Atwood har ikkje berre skrive ei bok, ho har skapt ein religion. Komplett med helgenar og salmebok og alt som høyrer til. Til å begynne med syntes eg det var godt oppdikta, men dess meir eg las av boka, og etter å ha lest litt om Atwood, så fekk eg meir og meir kjensla av at dette ikkje berre er noko ho diktar om, men også ei tru ho bekjenner seg til sjølv.
Boka startar bra. Lesaren får servert brotstykker av historiene til Toby og Ren, ei henholdvis godt vaksen og ei ung dame som har tilknytning til sekta Guds Gartnere. Denne sekta er opptatt av berekraftig sjølvberging i ei post-apokalyptisk framtid, og spår at det skal kome ei ny syndeflod, den vasslause flaumen, som skal radere ut dei fleste av menneska. Hovudkapitla i boka blir innleia med ei preike av Adam En, leiaren i Guds Gartnere, og deretter ein salme. Forteljinga vekslar fint mellom Toby sin historie (som blir fortalt i 3. person) og Ren sin historie (i 1. person), og historiene er ikkje kronologisk fortalt men hoppar ein del i tid. Alt dette er forteljarmessige grep som fell godt i smak hjå meg.
Noko som øydela litt for leseopplevinga mi var teksta på smussomslaget. Her gjeng det fram at boka skal handle om det som skjer etter katastrofen, men det viser seg at storparten av boka, ganske nøyaktig 3/4 av den, bygger opp til denne. Smussomslaget hevder også at «Ren og Toby legger ut på hver sin ensomme vandring på leting etter andre som kan ha overlevd». Nei, det gjer dei ikkje. Er det ingen krav til dei som skriv desse tekstane at dei skal vite nokonlunde kva boka handlar om?
Eg veit ikkje om det berre var på grunn av forventningane frå smussomslaget, men etter å ha lest ei stund fekk eg kjensla av at forteljinga blei feilproporsjonert. Det tok rett og slett for lang tid, og det blei for omstendelig mala ut kva for samfunn hovudpersonane lever i, før flaumen kom. Men når den først kom så var resten av boka ein fornøyelse (i den grad ein kan nytte eit slikt ord om såpass dystre framtidsskildringar) å lese.