"Mørketid" (Dark Matter) av Michelle Paver er ein godt likandes roman frå Svalbard. Ein britisk forskningsekspedisjon set opp leir for å overvintra på den fiktive Gruhuken. Ekspedisjonen vert forfølgd av uhell, og snart er Jack det einaste medlemmet att i leiren. Klaustrofobien og angsten klistrar seg snart fast både i Jack og i lesaren som ei kald, klam skjorte. Og klaustrofobisk er det, sjølv når handlinga foregår under den uendelege arktiske stjernehimmelen.
Dette er ei ganske saktegåande bok, den syg seg fast og slepp ikkje takjet. Men alt er ikkje like positivt dessverre; eg likte ikkje slutten på Svalbard-bolken av romanen noko særlig. Det er ei stund sidan eg leste denne, men eg husker det kapittelet som noko klønete og det trakk ned ein ellers veldig bra leseopplevelse.
Passer veldig bra som lesing på tindrande klare vinterkveldar, når vinden tar tak og uler litt rundt hjørna!