Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Rart og sært

Eg var nok litt skeptisk då eg plukka opp denne boka i bokhandelen, og vart endå meir skeptisk då eg ei stund etter at eg kom heim - sikkert feilaktig - fekk intrykk av at denne boka burde eg ikkje ha i bokhylla.Men, nokre av tekstane fenga interessa mi, og fekk meg endåtil til å dra på smilebandet. Sjå berre her:

SISTE GONGEN I BERLIN
Du stend fyre vindauga
trekkjer strømpone på
okergule, knehøge

Håret glør i kveldsljoset
Augo som hev deg
so blåe, so såre

Eg vil trekkja deg til
meg men døri
er sterkare

..Og..

Digteren:
Med Mimesis jeg maler den unge Pige,
Naturen tro, her findes visst ingen Lige!

Tiden(spøgefuldt)
Thi denne Ungdommens himmelske Hud
vil strax i Morgen se skrugede ud!

Dei fleste tekstane er skrivne på eit svært konservativt og gammalmodig nynorsk. I tillegg er her tekstar på stivt, gammalt bokmål, kristiansandsdialekt, spor av dansk, pluss litt tysk og hebraisk også. Kanskje ikkje så rart sidan dei fire delane av boka har tekstar om Berlin, Kvadraturet i Kristiansand, Oslo og Israel mm

Boka blir, iallfall ei stund, så lenge eg finn den underhaldande....

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Harald KLene AndresenEvaSynnøve H HoelTonjeRisRosOgKlagingPiippokattaKirsten LundJohn LarsenTheaAnn ChristinRandiAgretemorTone HJulie StensethGrete AastorpGladleserDaffy EnglundReadninggirl30MarianneNAvasomniferumBjørn SturødHanne Kvernmo RyeAnne Berit GrønbechHilde Merete GjessingWenche VargasJarmo LarsenKaramasov11MaikenFlyvebladTine SundalLesevimsaNorahIvar SandLeseaaseFindusEllen E. MartolIngrid HilmerTrude Jensen