Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Rory Deveuax flyttar til London for å gå siste år på high school på ein britisk pensjonatskule. Dagen ho landar, 31. august, har ein mordar kopiert Jack the Ripper sitt fyrste mord, og London er i opprør. Utover hausten dukkar fleire lik opp, alle kopiar av den kjente Ripper-saka. Er det ein copy cat på ferde, eller er Jack the Ripper verkeleg attende i Aust-London? Rory oppdagar at ho er den einaste som kan sjå mordaren, og ein spesiell avdeling av politiet, The Shades, fattar interesse for henne.

Konseptet er spanande – dette er ikkje typisk paranormal romance eller dystopi, so vanleg i YA-sjangrane for tida. Her har me eit heilt vanleg London (med litt fleire spøkelse enn me kanskje er vant til) og ein ganske vanleg amerikansk tenåring, ei mengd med referansar til London og britisk kultur (men ikkje så mykje som blurbar som “An unputdownable thrill ride that will leave you gasping, laughing, and dreaming of London” kan lata ein tru), og eit mysterium som både er klassisk og originalt. Og desse bitane kvar for seg er gode – Maureen Johnson skriv humoristisk, med eit utsideblikk på britisk kultur (inkludert ei Doctor Who-referanse, hurra!) og greie plot-tvistar. Men alt for mykje av boka er oppbygging, kva som skil Rory for andre blir ikkje eit tema før omlag halvvegs i boka. Og hennar flørting med Jerome, ein av gutane på skulen, er heilt utan gnistar, nesten slengt inn fordi slikt høyrer til.

Eg valte denne boka av tre grunnar: 1. Eg har lese ei novelle /novellette av Maureen Johnson, og likte ho godt. 2. Jack the Ripper er spanande. 3. Blurbane som lokka med London. Eg veit ikkje heilt om eg er overbevist, og eg kjem ikkje til å leita etter dei neste i serien (enno ein gong med forbehold: om dei ikkje dumpar ned i fanget på meg). Men, og det er eit stort men: Johnson er ei forfriskande stemme i alt alvoret som kjem ut for ungdom. Og det er trass alt London. Med spøkelse.

Omtalen vart fyrst publisert her

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Linda NyrudPiippokattaHanne Kvernmo RyeVariosaHeidiNinaDolly DuckInger-LiseIngeborg GYvonne JohannesenTom-Erik FallaLinda RastenAnineAnn ChristinPirelliKirsten LundVivaLaLivrebrekIngunnJChristoffer SmedaasJulie StensethAlice NordliGladleserMarie HolterGrete AastorpBerit RHelena ETonje SivertsenOlaugHege H.Harald AndersenMarianne  SkageAstrid Terese Bjorland SkjeggerudAud- HelenTone HJanne Kristin HøylandAnne-Stine Ruud HusevågMargrethe  HaugenVannflaskeTonesen81