Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Kjend kunstnar på tampen av livet

Romanen har to forteljarstemmer. Det er Herr M, som eigentleg er vår kjende Evard Munch, og så er det Doffy, døypt Dorothy.
Det er krigsåret 1942. Munch lever stille og tilbaktrekt på sitt Ekely. Han er tung til sinns, einsam og og får gjort lite. Bronkitten styrer dagane hans. Han tenkjer tilbake på barndom og ungdom, og på at han miste fleire kjære i lungesjukdom.

Så kjem våren, med sol og varme, og med den ei uredd studine som ringer på hos han og spør om han treng modell. Ho kan stille opp, og ho treng pengane. Det er knapt med det meste i krigsåra, og litt ekstra pengar vil hjelpe på.
Det endar med at ein surmulande Munch tek henne inn som modell, på heilt eigne vilkår.

Boka skildrar forholdet mellom den aldrande, sære målaren, og den blonde, frimodige studenten - eit forhold som etterkvart får eit erotisk preg.

Haavardsholm fortel godt, med både humor og varme, og han hadde etter mi meining fortent fleire enn dei 18 lesarane som har boka i hus. Berre slutten drog noko ned, synest eg, så derfor vart det terningkast 4+

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Readninggirl30Trude Jensenmay britt FagertveitKirsten LundEmil ChristiansenVibekeHarald KFarfalleLailaLars Johann MiljeEirin EftevandrubbelDagfinn JakobsenMette-MLene AndresenNora KjærstadTom-Erik FallamarithcRonnyRandiAKetilRisRosOgKlagingHanneGodemineAjiniakraPi_MesonTor-Arne JensenHilde H HelsethIngvild RosslundPiippokattaBeathe SolbergDolly DuckgretemorAstrid Terese Bjorland SkjeggerudLisbeth Marie UvaagAnn-ElinTanteMamieLinda RastenMads Leonard HolvikAnn Ekerhovd