Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Ein flott dokumentar, som blei aktuell igjen i år i og med filmatiseringa som har fått ein viss suksess. Temaet er dei dramatiske dagane rundt den tyske invasjonen av Norge i 1940. Jacobsen har grave ganske djupt, og dokumenterer hendingane både frå tyske og norske kjelder. Men det er ikkje berre tørr oppramsing av fakta, forfattaren evner å gjere forteljinga levande. Det er nesten som ei spenningsbok, og når ein ser på kor knappe tidsmarginar det ved fleire høve var for korleis historia skulle gå, så kunne nok sjølv ikkje Hollywood ha dikta opp ei meir halsbrekkande historie.

Fokuset i dokumentarboka er på eit par kompani med tyske fallskjermjegerar som var sentrale desse første krigsdagane, samt kongefamilia, stortinget og regjeringa sin flukt ut av hovudstaden. Det er mange namn å halde greie på, men det gjekk likevel nokonlunde greit å halde oversikta. Jacobsen verkar å ha eit ganske klart syn på kven som gjorde jobben sin og kven som ikkje gjorde det desse dagane, dette skin ganske tydeleg igjennom ved enkelte høve.

Boka er sjølvsagt rikeleg forsynt med referanser til kjelder. I tillegg er der mange bilete av personar og hendingar som er omtala i boka. Særs interessant var det også å lese protokollen frå stortinget sine møte på Hamar og Elverum den 9. april. Alt i alt ei flott bok for den som ynskjer å lese seg opp på kva som skjedde desse dramatiske aprildagane.

Og nei, eg har ikkje sett filmen enno, og kan ikkje uttale meg om kor god eller dårleg den er i forhold til boka. Men eg kjem nok til å sjå den ein eller annan gang.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

HeidiEllen E. MartolIngeborg GHarald KPiippokattaLeseaaseTonje SivertsenJakob SæthreGro-Anita RoenKirsten LundAstrid Terese Bjorland SkjeggerudAnne Berit GrønbechStig THanne Kvernmo RyeAndreas HesselbergToveBjørn SturødCathrine PedersenLogikaKaramasov11Agnete M. HafskjoldAkima MontgomeryTine SundalalpakkaAnniken LHeidi BHilde VrangsagenBeathe SolbergAnn ChristinSilje-Vera Wiik ValeHilde H HelsethBente NogvaKari FredriksenFindusHanne Cathrine AasMonica CarlsenSynnøve H HoelSiriLars Johann MiljeHilda