Viser 1 til 1 av 1 omtaler

I 1964 gav Mary Hemingway, Ernest Hemingway si fjerde kone, ut hans Paris-skisser og memoarar frå tida i Paris på 1920-talet. Desse hadde han byrja på i 1957, men dei var ikkje heilt klare då han tok livet av seg i 1961. Rekkefylgja på kapitla var uklår, det låg føre fleire utkast, og det mangla ein tittel på verket. Tittelen “A Moveable Feast” kom frå eit brev Hemingway skreiv til venen E. A. Hotchner:

If you are lucky enough to have lived in Paris as a young man, then
wherever you go for the rest of your life, it stays with you, for
Paris is a moveable feast.

45 år seinare, i 2009, kom The Restored Edition. Redaktør og barnebarn Sean Hemingway påstår at denne utgåva ligg nærare det Hemingway ville ha ynskt, med dei siste endringane han føretok, med ei rekkefylgje nærare den han var komen til i 1961, og der fyrste kona, Hadley, er heltinna. Det er kanskje ein råare Hemingway som framstår i denne versjonen, men ein sannare, ifylgje barnebarnet (og til dels sonen Patrick, som har skrive føreordet til denne utgåva). Ikkje alle er einige, men berre denne uklårheiten i utgjevingshistorie – og alle moglegheitene ulike versjonar gir Hemingway-lesarar og -tolkarar – er i seg sjølv nok til at A Moveable Feast vert spanande lesnad. Og det stoppar jo ikkje der.

A Moveable Feast gir eit lite innblikk i korleis Paris var for unge kunstnarar på 1920-talet. Slik denne utgåva framstår er ikkje kapitla nødvendigvis kronologiske, men ein ser likevel ei utvikling i forfattaren og venen – og fienden – Hemingway, frå den prøvande, famlande, iderike journalisten, til han som er forfattar på heiltid og som har funne si stemme. I tillegg er det heile tid den gamle mannen som kommenterer den unge, Papa H på 50-talets Cuba veit korleis det gjekk med Hemingway i 20-talets Paris. Paris-skissene gir eit godt innblikk både i det Gertrude Stein døypte “the lost generation” (denne dåpen er sjølvsagt med i Hemingway sine minner), og i Hemingway sin skrivestil. Få kan som han skapa så sterke kjensler utan å nemna kjenslene, berre gje oss nok detaljar til at me sjølv finn oss mellom høge hus i ein kald by der ein berre ventar på våren og det er varmare å arbeida på kafe enn i sitt eige atelier.

The Restored Edition gir, i tillegg til ei endring i rekkefylgjen av kapittel, nokre skisser og utkast både til historiar og til innleiingar og avslutningar, som Hemingway aldri fullførte. Ikkje berre gir det eit spanande innblikk i skriveprosessen, men òg i korleis Hemingway (påstår at han) såg på verket sitt. Kanskje var han ikkje fullt so nostalgisk til Paris 1925 som me har innbilt oss – det som er sikkert er at han ikkje nett er nådig med ein del av forfattar-kollegaane, eller med seg sjølv, t.d. samanlikna med den gode Ezra Pound, eller i behandlinga av kona Hadley.

If the reader prefers, this book may be regarded as fiction. But there
is always the chance that such a book of fiction may throw some light
on what has been written as fact.

A Moveable Feast er blitt ein klassikar, og rettmessig so. Både for dei som kjenner Hemingway godt og dei som møter han fyrste gong er boki ei glede å lesa - for nokre for å bli kjente med eit forgangent Paris, for andre å bli kjent med litteraturen og skikkelsane i den gjennom ein av dei største innanfor feltet.

Omtalen vart fyrst publisert her

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

TheaElisabeth SveeDinaAkima MontgomeryMads Leonard HolvikIngunn SSigrid Blytt TøsdalMarianne  SkageRandiKirsten LundTrude JensenGitte FurusethTone SundlandJon Torger Hetland SalteAlice NordliIngvild SMonica CarlsenChristoffer SmedaasRoger MartinsenTove Obrestad WøienBjørg Marit TinholtkntschjrldHanne Kvernmo RyeLene AndresenLeseaaseSissel ElisabethTurid KjendliemgeelmeKjerstiFindusGrete AastorpBerit RStine SevilhaugTherese HolmBeathe SolbergHarald KPrunellaLailaHelena E