Viser 1 til 2 av 2 omtaler

Jungelboken er eit knippe forteljingar om menneske, dyr og natur frå slutten av 1800-talet, og for dei fleste er handlinga lagt til India. Ei forteljing er om selar i Beringhavet, ein kan kanskje argumentere med at denne ikkje passar inn i ei «jungelbok», men stil- og handlingsmessig heng den godt saman med dei øvrige. Det er mulig at historiene er tiltenkt ein yngre lesargruppe, men det er ikkje vanskeleg for ein vaksen lesar å finne ting å glede seg over.

Dei fleste har kanskje sett teiknefilm-klipp eller lest teikneseriar av Disney sin variant av Jungelboken, og som berre tek føre seg historiene om Mowgli, ein figur som gjeng att i omlag halvparten av forteljingane i boka. No har eg ikkje sett anna enn klipp frå filmen, men eg vil tru Kipling sin historie er langt mørkare og blodigare enn Disney sin variant. Som spedbarn kjem Mowgli bort frå foreldra i jungelen, og blir adoptert av og veks opp saman med ein ulvefamilie. Sidan han er eit menneskebarn blir han etterkvart kasta ut av flokken, og søker inn i landsbyen. Men han blir snart uglesett i landsbyen, og må flykte frå den også. Dermed blir han ståande utanfor både ulve- og menneske-samfunnet. Problematikken med å bli en framand mellom sine eigne er veldig godt skildra av Kipling.

Mellem dei historiene som ikkje handla om Mowgli likte eg best «Hennes høyhets tjenere», der ulike dyr som gjer teneste i ein engelsk militærstyrke reflekterer over oppgåvene sine, innbyrdes rang seg imellom, og forholda dei har til menneska i militærstyrken. Fornøyeleg raljering over kadaverdisiplin.

Alt i alt er det vel verdt å bruke tida det tek å lese igjennom desse historiene.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Rudyard Kipling var en mann full av poesi og visdomsord, og Jungelboken er uten tvil noe av det beste han skrev. Uten at jeg i grunnen har Jungelboken eller noe annet av Kiplings forfatterskap som favorittlesing, så må jeg likevel innrømme at han er verdt å lese! Han skildrer Indias dype regnskoger og Mowglis hverdag blant dyrene på en UNIK måte.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

kntschjrldAnne Berit GrønbechMarit HøvdePiippokattaTurid KjendlieVioleta JakobsenHarald KsomniferumStig TKirsten LundRune U. FurbergChristofer GabrielsenTheaJan Arne NygaardIngunn STor-Arne JensenTine VictoriaMarianne_Hanne Kvernmo RyeVannflaskeGodemineSigrid Blytt TøsdalAnita NessIngvild SBeathe SolbergritaolineBookiacJakob SæthreSol SkipnesBente NogvaReadninggirl30mgeAstrid Terese Bjorland SkjeggerudLinda NyrudWenche VargasKatrinGVibekeAvaCarine OlsrødReidun Anette Augustin