Viser 1 til 2 av 2 omtaler

Nok en brukbar krim fra Kristensen. Plottet er noe tynt, men brukbart driv underveis.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg las "Det magiske landet" av Kristensen for mange år sidan, og hugsar at eg tenkte at dama har talent for å skrive. Eg har ikkje endra meining om dette etter å ha lest "Den døde i Barentsburg". Kristensen skriv lettlest og levande, og det er lett å bli fanga av handlinga i boka. For ein som ikkje har særleg god kjennskap til Svalbard så er miljøskildringane overtydande.

Likevel er det enkelte detaljar som skjemmer litt. For eksempel: kor lang tid treng ein realistisk sett på å laste fisken i to fullasta fabrikktrålarar over i ein annan båt? Truleg mykje, mykje lenger enn det som er antyda i boka. Og den russiske isbrytaren "Krasin" har fått ein liten rolle i boka. I følge Wikipedia er denne båten ca 135m lang, men hovudpersonen i boka anslår lengda på båten til å vere over 400 meter, altså på linje med dei største supertankarane som nokon gong har vært bygd. Har Kristensen blanda saman fot og meter her?

Sett bort frå eit lite knippe rariteter av denne typen er boka så langt eg kan bedømme ein godt gjennomført krimroman. Underhaldande personkarakteristikkar, og det er passe vanskeleg for lesaren å gjette korleis ting heng saman. Eg kan fort finne på å lese fleire av Svalbard-romanane hennar ved eit seinare høve.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Lise MuntheDemeterBerit RAstrid Terese Bjorland SkjeggerudAstrid SæverhagenReidun SvensliHilde MjelvaConnieBjørn SturødTheaAvaHarald KBeathe Solbergandreas h. o.Ingrid HilmerIngvild STonesen81Hilde Merete GjessingBjørg  FrøysaaHelge-Mikal HartvedtKirsten LundRune U. FurbergLilleviIngunn SCarine OlsrødTralteHanne Kvernmo RyeOleAlice NordliLene AndresenAmanda AJulie StensethSynnøve H HoelMarit AamdalMartinAkima MontgomeryMarit HåverstadmgeBertyKaramasov11