Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Tunstad har laga ein kavalkade over vitskapleg juks oppgjennom tidene, med hovudfokus innanfor naturvitskap og medisinsk forskning. Vidare prøver han å trekke opp grensene, eller i det minste å illustrere at det kan vere vanskeleg å trekke opp grensene, mellom kva som er juks og kva som er dårleg forskning. Han har nytta mange eksempel, heilt frå den moderne vitskapen sin barndom og fram til nyare tid. Enkelte av sakene er velkjende frå media, medan andre var nye for meg.

Det er nok ein fordel å ha ein viss interesse for vitskap for å ha glede av denne boka. Stilen er «lettbeint akademisk», og sjølv om der er ein viss humor og snert i teksten er det likevel ikkje tvil om at dette er meint å vere eit etterretteleg arbeid. Sidan ein forfattar som skal pirke i andre sitt juks nødvendigvis stiller seg lageleg til for hogg, er Tunstad særs nøye med å gi opp referanser til alt han skriv om. Forfattaren er også tydeleg på kva for saker han meiner er juks, kva for saker han meiner ikkje er det, og i kva for saker han er i tvil.

Dette er ei bok som nærmast skrik etter illustrasjonar. Det ville ha løfta leseopplevinga enno eit par hakk dersom forfattaren kunne ha reprodusert illustrasjonar, figurar, etc. som er omtalt i teksta, slik at lesaren enno tydelegare kunne forstått dei aktuelle problemstillingane eller poenga. Skulle det bli aktuelt å gi ut boka på nytt i illustrert utgåve, er der også nokre få skrivefeil som kan rettast opp i.

Sidan eg sjølv arbeider innan forskning og utvikling så var det særs givande å lese igjennom denne boka. Det var i første rekke underhaldande, men det skadar heller ikkje å mosjonere den moralske sansen ved å fundere over grensetilfella som er gjengitt i boka.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Vigdis VoldAliceInsaneBjørg  FrøysaaEgil StangelandKjetilTine SundalsveinLisbeth Marie UvaagMorten MüllerVannflaskeBenedikteKarin  JensenAnn ChristinbandiniAnneWangEli HagelundSol SkipnesgretemorStine SevilhaugHeidi LIngunn SPer LundStig TAnitaIreneleserHarald KTone SundlandHilde H HelsethIngvild RosslundHanne Kvernmo RyeJulie StensethBeathe SolbergKirsten LundChristoffer SmedaasRandiAstrid Terese Bjorland SkjeggerudMarianne MBjørg Marit TinholtJarmo LarsenEllen E. Martol