Dei er to søstre, og den eine av dei blir svært sjuk. I denne diktsamlinga er historia sett med den friske søstera sitt blikk. Her finst hennar kjensler og observasjonar i sjukdomsperioden. Boka gjorde sterkt inntrykk på meg.
Utruleg sterkt. Vakkert skildra, og uendeleg trist. Du kan kjenna kvar kjensle i ryggmargen gjennom orda hennar. Men er det håp på slutten? Eg velger å tru det.