Las denne for ein del år sidan, og minnast at eg likte boka godt. Ein slags vidareutvikla rase av edderkoppar har teke over styringa på jorda ein gong i framtida etter apokalypsen, og menneska er reduserte nærmast til kveg. Likevel er det dei som enno har minner om verda slik ho ein gong var, og enkelte fortel om ein stad der desse minna framleis blir tekne vare på, og der ein kan vere frie.