Viser 1 til 1 av 1 omtaler

Eit knyttneveslag av ei bok. Det har skjedd ei katastrofe av apokalyptiske dimensjonar for om lag 10 år sidan, jorda er herja av brannar som enno rasar, og atmosfæra er så tjukk av røyk at ein berre kan ane sola om dagane og nettene er beksvarte. Naturleg nok har alt plante- og dyreliv gått dukken.

Under desse tilhøva, som til forveksling liknar på ei framstilling av helvete, er ein far og sonen hans på veg sørover, truleg i det austlege USA, for å sleppe unna dei kalde vintrane i nord. Sonen kom til verda omlag samstundes med at katastrofa skjedde. Kampen for å overleve handlar både om å finne og frakte med seg matvarer, og å unngå kontakt med andre overlevande. Alle samfunnstrukturar har nemleg brutt fullstendig saman, og det utviklar seg subkulturar mellom dei overlevande der det mildt sagt er barbari som råder.

Ingenting av dette blir eksplisitt forklart i historia, men kjem litt etter litt fram av handlinga. «Underforklart» er vel eit begrep for dette, og det kler boka godt. Det er sjølvsagt ei vond forteljing om det å overleve i eit helvetes-liknande miljø, men også ei varm skildring av tilhøvet mellom far og son. Det som gjorde mest inntrykk på meg var likevel den presise analysen av korleis alt vi kjenner som «samfunn» gjeng til grunne etter berre nokre få år. Gjennom dialogen i boka blir det sonen, som aldri har kjent til ei anna verd enn den etter katastrofen, som får fram dette klarast når han spør ut faren om korleis ting var tidlegare.

Terningkast 6 sit vanlegvis langt inne hjå meg, men denne gangen var eg aldri i tvil. Denne boka greip fatt i meg frå første side, og heldt meg i eit jarngrep til siste setning. McCarthy har blitt nevnt som kandidat til nobelpris i litteratur. Eg har ikkje lest andre bøker av han enn dette, men basert på denne eine er eg ikkje overraska over at nokon tenker i slike baner.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Sist sett

Vidar RingstrømritaolineAnne-Stine Ruud HusevågRufsetufsaWenchePiippokattaMorten MüllerMads Leonard HolvikHarald KAndreas BurøsomniferumHanne Kvernmo RyeDagfinn JakobsenSynnøve H HoelTor-Arne JensenTheaKirsten LundCarine OlsrødEli HagelundBjørg L.LailaEgil StangelandBertyAgnete M. HafskjoldSilje-Vera Wiik ValeEvaDemeterHeidi LTone Maria JonassenEster SGodemineInger-LisealpakkaBookiacMalinn HjortlandIngunn SAstrid SæverhagenTanteMamieTonjeNorah